Yayoi Kusama () var ein japansk kunstnar som hovudsakleg laga skulpturar og installasjonar, men også dreiv med måleri, performance, videokunst, mote, poesi, skjønnlitteratur og andre kunstformer. Verka hennar bygde på konseptkunst og inneheldt element frå feminisme, minimalisme, surrealisme, art brut, popkunst og abstrakt ekspresjonisme. Dei kunne ha sjølvbiografisk, psykologisk og seksuelt innhald. Kusama er blitt omtalt som ein av dei viktigaste levande kunstnarane til å koma frå Japan.Yamamura, Midori (2015), Yayoi Kusama: Inventing the Singular. MIT Press. .
Yayoi Kusama voks opp i Matsumoto, og utdanna seg ved Kyoto kunsthøgskule i den tradisjonelle japanske målarstilen nihonga. Ho blei òg inspirert av amerikansk abstrakt impresjonisme. I 1958 flytta ho til New York og blei etterkvart med i avant-garde-scena der, særleg i pop-art-rørsla. Ho tok del i hippierørsla og motkulturen på slutten av 1960-åra, og blei offentleg kjend då ho arrangerte ei rekkje happenings der nakne deltakarar blei måla med fargerike polkadottar. Sidan 1970-talet heldt Kusama fram med å laga kunst, der installasjonar på ulike museum rundt om i verda blei dei mest kjende verka hennar.
Kusama var open om den mentale helsa si. Ho uttalt mellom anna at kunst var blitt måten hennar til å uttrykka dei mentale problema sine. I eit intervju med Infinity Net sa ho: «Eg slost mot smerte, angst og frykt kvar dag, og den einaste måten eg har funne som lettar sjukdommen min er å fortsetja å skapa kunst. Eg følgde tråden for kunst og fann på eit eller anna vis ein veg som let meg halda fram med å leva.»
Liv
Tidleg liv, 1929–1949 Yayoi Kusama var fødd i 1929 i Matsumoto i Nagano. Familien hennar var handelsfolk som hadde ein planteskule og produserte frø.Farah Nayeri (14 February 2012), Man-Hating Artist Kusama Covers Tate Modern in Dots: Interview Bloomberg. Kusama byrja teikna bilde av graskar i barneskulen og laga kunstverk inspirert av hallusinasjonar, ein type verk som seinare kom til å definera karrieren hennar. Mor hennar støtta ikkje det kreative arbeidet hennar; Kusama pleidde å skunde seg med å bli ferdig ettersom mora tok det vekk frå henne for å ikkje oppmuntra til å gjera det. Mor hennar skal også ha drive med fysisk mishandling, og Kusama minnest at far hennar var av ein type som ofte vitja andre kvinner.Farah Nayeri (14. februar 2012), Man-Hating Artist Kusama Covers Tate Modern in Dots: Interview Bloomberg. Kunstnaren har fortald at mor hennar ofte sendte henne for å spionera på faren i tilhøva hans, noko som gav henne ein livslang fascinasjon og avsky for seksualitet, særleg underlivet til mannen. Dei traumatiske barndomsopplevingane hennar, medrekna dei fantastiske visjonane hennar, kan seiast å vera opphavet til kunststilen hennar.
Som tiåring byrja ho å oppleva livaktige hallusinasjonar som ho har skildra som «lysglimt, auraer elle tette felt med prikkar». Desse hallusinasjonane inneheldt også blomar som talte til Kusama, og tøymønster ho stirra på blei vekka til live, formeira seg og oppslukte eller utsletta henne.Holland Cotter (12 July 2012), Vivid Hallucinations From a Fragile Life – Yayoi Kusama at Whitney Museum of American Art The New York Times. Denne prosessen har ho teke med seg inn i kunstnargjerninga si og kalla «sjølvutsletting». Kunst blei ein måte for Kusama å koma unna familien og sitt eige hovud når ho byrja ha hallusinasjonar. Ho skal ha vore fascinert av dei glatte, mjuke steinane som dekte elvebotnen ved heimen hennar, noko ho også har nemnd som ei grunnleggjande påverknad på den varige fikseringa hennar på prikkar.
Då Kusama var 13 blei ho sendt til arbeid i ein militærfabrikk der ho fekk i oppdrag å sy og tilverka fallskjermar for den japanske hæren, som då var med i andre verdskrigen. Ho har omtalt tida i fabrikken som ei tid «i inneslutta mørkre», samtidig som ho har fortald om stadige flyalarmar og at ho såg amerikanske B-29-fly over seg på blanke dagen. Barndommen hennar var sterk påverka av krigshandlingane, og ho har sagt at det var på denne tida ho byrja setja pris på ideane om personleg og kreativ fridom.
Kusama studerte nihonga-måleri ved Kyoto kommunale kunst- og handverkskule i 1948.Yayoi Kusama Timeline Queensland Art Gallery, Brisbane. Ho blei frustrert av denne særskild japanske stilen, og fekk i staden interesse for europeisk og amerikansk avant-garde. Ho hadde fleire soloutstillingar av måleria sine i Matsumoto og Tokyo på 1950-talet.
Tidleg suksess i Japan, 1950–1956 I 1950 hadde Kusama byrja å framstilla abstrakte naturformer i akvarell, gouache og oljemåling, hovudsakleg på papir. Ho byrja å dekka overflater - golv, vegger, lerret og seinare husgeråd og nakne assistentar - med polkadottar, som kom til å bli eit kjenneteikn for verka hennar.
Dei store felta av polkadottar, eller «infinity nets», som ho kalla dei, var henta direkte frå hallusinasjonane hennar. Det eldste kjende verket hennar der ho brukte slike prikkar er ein teikning frå 1939, då ho var ti, der ho avbilda ei japansk kvinne i kimono, som ein går ut frå viser mor hennar, dekka med og oppslukt av prikkar.Yayoi Kusama, 18 November 1998 – 8 January 1999 Victoria Miro Gallery, London. Den fyrste serien hennar av store, ofte over 30 fot lange måleri på lerret,David Pilling (20 January 2012), The world according to Yayoi Kusama Financial Times Weekend Magazine. Infinity Nets, var totalt dekte av ein sekvens av nett og prikkar som alluderte til hallusinatoriske visjonar.
Om måleriet sitt Flower (D.S.P.S) frå 1954 har Kusama sagt:
New York City, 1957–1972 Etter å ha budd i Tokyo og Frankrike drog Kusama til USA då ho var 27 år gammal. Ho har sagt at ho byrja å sjå på det japanske samfunnet som «for lite, for servilt, for føydalt, og for nedsetjande for kvinner». Før ho forlet Japan for å dra til USA øydela ho mange av dei tidlege verka sine. I 1957 flytta ho til Seattle, der ho hadde ei måleriutstilling ved Zoe Dusanne Gallery.Zoë Dusanne: An Art Dealer Who Made a Difference, p99, by Jo Ann Ridley; Fithian Press, 2011 Ho var i byen i eit år før ho flytta vidare til New York etter å ha korrespondert med Georgia O'Keeffe, der ho nemnde ei interesse i å bli del av kulturlivet i byen og bad om råd. I løpet av tida si i USA etablerte ho seg raskt som ein leiar innan avantgarde-rørsla, og fekk ros for verka sine av den anarkistiske kunstmeldaren Herbert Read.Midori Yoshimoto, Into Performance: Japanese Women Artists in New York (New Brunswick: Rutgers University Press, 2005) p.68
I 1961 flytta ho atelieret sitt til same bygning som Donald Judd og bilethoggaren Eva Hesse; sistnemnde blei ein nær ven. Tidleg på 1960-talet byrja Kusama å laga såkalla mjuke skulpturar ved å dekka gjenstandar som stigar, sko og stolar med kvite, falliske utstikkarar.Yayoi Kusama MoMA Collection, New York. Trass i dei intrikate små formene på teikningane sine produserte ho dei raskt og i store mengder, med ein produktiv rytme ho har halde fram med. Ho danna også andre vanar, som å lata seg sjølv fotograferast med nye verk og å opptre offentleg med særmerkte bobba partykkar og fargerike, avant-gardistiske klede. Sidan 1963 har Kusama fortsett serien Mirror/Infinity rooms. I desse komplekse uendeleg spegel-installasjonane blir spesialbygde rom kledde med speglar og innreia med ei mengd neonfarga kuler som heng i ulike høgder over tilskodaren. Stilt på ein liten plattform ser ein observatør lys reflektert fleire gonger frå speglflatene for å skapa ein illusjon av eit uendeleg rom.Yayoi Kusama: Soul under the moon (2002) Queensland Art Gallery, Queensland.
Dei følgjande åra var Kusama svært produktiv, og i 1966 hadde ho byrja å eksperimentera med frittståande installasjonar i rom som inkluderte speglar, lys og musikk. Judd og Joseph Cornell var nokre av vennane og støttespelarane hennar. Verka hennar gav henne likevel ikkje nokon økonomisk vinst. På denne tida blei Kusama også fleire gonger innlagt på sjukehus på grunn av overarbeid. O'Keeffe overtalte kunsthandlaren sin Edith Herbert til å kjøpa fleire av verka til Kusama for å hindra finansielle vanskar for henne. Ho klarte likevel ikkje å tena det ho meinte verka henna fortente, og frustrasjonen hennar blei så ekstrem at ho gjorde forsøk på å ta livet av seg.
På 1960-talet organiserte Kusama offentlege happenings på stader som Central Park og Brooklyn Bridge, ofte med nakenheit og med føremål om å protestera mot Vietnamkrigen. Ved ei av desse skreiv ho eit ope brev til Richard Nixon der ho tilbaud seg å ha sex med han om han stoppa krigen. Frå 1967 til 1969 fokuserte Kusama på opptredenar med mykje publisitet som ofte omfatta at ho måla polkadottar på nakne deltakarar, som i Grand Orgy to Awaken the Dead at the MoMA (1969), som fann stad i skulpturhagen ved Museum of Modern Art. Under denne upubliserte hendinga tok åtte deltakarar instruerte av Kusama av seg kleda, steig oppi fontena og heldt positurar som apa skulpturane i området av Picasso, Giacometti og Maillol.
I 1968 leia Kusama happeningen Homosexual Wedding ved Church of Self-obliteration ved 33 Walker Street i New York, og opptredde saman med Fleetwood Mac og Country Joe and the Fish ved Fillmore East. Ho opna nakne måleatelier og ein homofil sosial klubb kalla Kusama 'Omophile Kompany (kok).Carl Swanson (8 July 2012), The Art of the Flame-Out New York. Nakenskapen i verka og protestane til Kusama var svært skamfulle for familien hennar. Dette fekk henne til å kjenna seg åleine, og ho gjekk gjennom eit nytt sjølvmordforsøk.
I 1966 deltok Kusama for fyrste gong ved Venezia-biennalen i den 33. tilstellinga av denne internasjonale kunstutstillinga. Verket hennar Narcissus Garden var laga av hundretals av speglande kuler i det ho kalla eit «kinetisk teppe». Så snart verket var blitt installert på ein plen utanfor den italienske paviljongen byrja Kusama, kledd i ein gyllen kimono, å selja kvar einskild kule for 1 200 lire (2 dollar), til ho blei stoppa av arrangørane av biennalen. Narcissus Garden var vel så mykje ein måte å promotera Kusama som artist gjennom media som det var eit høve til å retta kritikk mot mekaniseringa og kommodifiseringa av kunstmarknaden.
Medan ho budde i New York hadde Kusama eit kort forhold med kunstnaren Donald Judd. Deretter byrja ho eit kjenslefullt, men platonsk, forhold med den 26 år eldre surrealistkunstnaren Joseph Cornell. Dei snakka dagleg på telefon, laga skisser av kvarandre, og han sende henne personlege collagar. Det langvarige sambandet deira varte til han døydde i 1972.
Tilbakevending til Japan: 1973–1977 I 1973 vende ei sjuk Kusama tilbake til Japan, der ho byrja å skriva skriva sjokkerande instinktive og surrealistiske romanar, noveller og poesi. I 1977 la Kusama seg inn på eit sjukehus for psykisk sjuke, der ho til slutt tok permanent opphald. Ho har etter eige val budd på sjukehuset sidan. Atelieret hennar, der ho har halde fram med å laga verk sidan midten av 1970-talet, ligg eit kort stykke unna sjukehuset i Tokyo.
Frå denne basen har ho halde fram med å laga kunstverk i mange ulike medium. I tillegg har ho hatt ein litterær karriere som har omfatta fleire romanar, ei diktsamling og ein sjølvbiografi. Målarstilen hennar har gått over til sterkt farga akrylmåling på lerret, på ein intens skala.Holland Cotter (12. juli 2012), Vivid Hallucinations From a Fragile Life – Yayoi Kusama at Whitney Museum of American Art The New York Times.
1980 til no