høgre|mini| Ein 1987-modell Shibaura SD5040D Shibaura er ein japansk traktorprodusent.

Verksemda vart grunnlagd i 1950 som eit samarbeid mellom Toshiba og Ishikawajima Harima Industries (IHI). Selskapet har stort sett basert seg på å lage små hagetraktorar og anna motorisert utstyr, men har også ein del større landbrukstraktorar i området 30-78 HK. Shibaura vart introdusert i Noreg på slutten av 70-talet. Traktorane er lette, sterke og har oftast firehjulstrekk og vart derfor populære til dømes på Vestlandet der det finst mange av dei i bruk.

Kjelder

Frå tractordata.com Europeisk side https://www.shibaura.com/shibaura-sb62-and-sb78/

Kategori:Japanske føretak Kategori:Traktorprodusentar Kategori:Skipingar i 1950