Åse Kristin Ask Bakke () er ein norsk politikar frå Harøya i Møre og Romsdal. Ho er sidan 2021 stortingsrepesentant for Arbeidarpartiet og Møre og Romsdal. Då ho kom inn på tinget var ho 25 år, og var dermed den yngste representanten med fast plass i perioden 2021–2025.

Bakke er utdanna sjukepleiar og arbeidde i heimesjukepleia i Ålesund.

Bakke var varaordførar i dåverande Sandøy kommune frå 2015. 19 år gammal vart ho dermed Noregs yngste varaordførar gjennom tidene. På Stortinget har ho sete i Familie- og kulturkomitéen.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Folk frå Sandøy Kategori:Folk frå Ålesund