Dilling stasjon er ein jarnbanestasjon på Østfoldbanen, vestre line. Stasjonen ligg i Rygge i Moss kommune og opna i 1879. Frå 1983 er han ikkje lenger i bruk til passasjertransport. Frå Dilling stasjon til Oslo S er det 65,34 km.

Kulturminnet Da jarnbanen kom i 1879 vaks det fram eit miljø ved stasjonen knytt til landbruket i nærleiken. Miljøet utgjer stasjonsbygningane, eit meieri og ei mølle. Sjølve stasjonsbygninga i sveitserstil, godshuset og eit vedskjul er alle teikna av Peter Andreas Blix og er frå 1879. Meieriet er frå 1880 og mølla frå 1919. Miljøet med dei sju bygningane er verna etter Plan- og bygningsloven.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Jarnbanestasjonar i Østfold Kategori:Jarnbanestasjonar på Østfoldbanen Kategori:Jarnbanestasjonar opna i 1879 Kategori:Kulturminne i Moss Kategori:Byggverk i Moss Kategori:Samferdsle i Moss Kategori:1879 i Noreg Kategori:Peter Andreas Blix