Guri Dyrendahl () var ein norsk forskar som i 1990 vart tildelt St. Olavs Orden for arbeidet sitt for funksjonshemma.

Dyrendahl tok eksamen i sosialmedisin på Noregs kommunal- og sosialhøgskule i 1954. Ho arbeidde deretter som sosionom ved Attføringsinstituttet i Oslo, Rikshospitalet og i Helsedirektoratet. Frå 1972 til 1978 var ho lektor ved Diakonhjemmets sosialskule. Ho arbeidde òg i FFO og Rådet for sosialarbeidarutdanning. Frå 1988 var ho forskar ved Noregs Byggforskningsinsitutt. Ho var òg engasjert i Norsk Forbund for Utviklingshemmede og var medlem av fleire statlege råd og komitear.

Etter at ho døydde i 2004 vart det oppretta eit fond til minnet hennar. Stiftingar «Guri Dyrendahls minne» skal dela ut støtte til ferie for utviklingshemma i Lørenskog, kommunen som Dyrendal flytta til i 1962. Ho vart sjølv rørslehemma som 14-åring og sat i rullestol resten av livet. Ho kjempa for svake grupper og var kommunepolitikar for Arbeidarpartiet i Lørenskog.Torstein Davidsen: Deler ut feriestøtte. Artikkel i Romerikes Blad 8. april 2005

Bibliografi

Rettigheter for funksjonshemmede, 1997. ISBN 9788200216773 Intellectual disabilities in the Nordic welfare states – policies and everyday life, 1996. Med Jan Tøssebro og Anders Gustavsson ISBN 8276340555 Slik bor de nå : boforhold for mennesker med psykisk utviklingshemming, 1992. Med Rolv Lian. ISBN 82-536-0392-4

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Guri Dyrendahl» frå , den 27. oktober 2022.

Kategori:Folk frå Lørenskog Kategori:Folk frå Oslo Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske vitskapsfolk