Germaine Arnaktauyok () er ein inuittisk biletkunstnar med opphav frå Igloolik-området i Nunavut, tidlegare i Nordvestterritoria, i Canada. Arnaktauyok byrja teikna frå ung alder, på alle typar papir ho kunne finna.
Ho har verka innan litografi, etsing og silketrykk som illustrerer inuittiske mytar og tradisjonelle levemåtar frå hennar eigne opplevingar og kulturen til forfedrane. Designa hennar er todimensjonale med ekspressive linje-illustrasjonar som indikerer personlege soger lagde inn i eldre inuittiske overleveringar.
Bakgrunn Fram til midten av 1960-talet budde Arnaktauyok i lag med familien i ein leir i innlandet eit stykke frå byen, på ein stad der det fanst mykje sel og karibu til å jakta på. Foreldra hennar, Therese Nattok og Isidore Iytok, var evnerike utskjerarar innan inuittisk kunsttradisjon. Arnaktauyok var det tredje av åtte barn. Ho var den eldste dottera i familien.
Arnaktauyok blei døypt som katolikk. Frå ho var ni år gjekk ho på ein katolsk skule i Chesterfield Inlet. Her var ho i sju år, og var berre saman med familien om sommaren. Skuletida blei einsam for henne. Ei nonne med kjennskap til måling såg talent hjå henne, og gav henne opplæring. Arnaktauyok utvikla målarevnene sine, og selte det fyrste verket sitt som elleveåring.
Arnaktauyok fortsette utdanninga si ved ein skule i Churchill i Manitoba, der ho blei oppmuntra til å studera kunst vidare av George Swinton. I 1967 tok ho kunstkurs om helgene i Winnipeg, og eit år sienare byrja ho ved Fine Arts-programmet ved School of Art ved University of Manitoba. I 1969 flytta Arnaktauyok til Ottawa for å studera ved Pembroke Campus ved Algonquin College for kommersiell kunst i 1969. Sjølv om ho ikkje ønskte å følgja nøyaktig dette feltet, men ho fekk likevel erfaring i å laga illustrasjonar for bøker ved Department of Indian and Northern Affairs. Same året flytta ho til Iqaluit, då kjend som Frobisher Bay, for å arbeida for Frobisher Bay Arts and Crafts Centre. Her var ho i fem år. Medan Arnaktauyok arbeidde i Iqaluit tilbaud Algonquin College i Pembroke henne eit årslangt kurs i handverk som omfattar historiske og kulturelle handverksteknikkar.
Karriere Etter fullført utdanning inntil vidare flytta Arnaktauyok til Yellowknife for å arbeida for Government of the Northwest Territories (GNWT); dette var arbeidsstaden hennar frå 1971 til 1976. Ho blei gjeven fleire bestillingar av Department of Education ved GNWT.
Verka hennar finst i fleire museum, som University of Michigan Museum of Art, Pennsylvania Academy of the Fine Arts, National Gallery of Canada, British Museum, McMaster Museum of Art og Peabody Essex Museum.
Privatliv Arnaktauyok gifta seg i 1976 og fekk ei dotter, Amber. Familien budde i Langley i British Columbia, og i ti år var ikkje Arnaktauyok aktiv kunstnar. Ho gjekk frå ektemannnen i 1989, og flytta tilbake til Yellowknife, der ho byrja produsera kunst att. I 1992 flytta ho tilbake til Iqaluit for å studera trykking hjå Kyra Fischer ved Arctic College i eit år. Sidan då har Germaine Arnaktauyok vore aktivt engasjert i å skapa teikningar og etsingar som reflekterte livet hennar i historiske inuittiske forteljingar.
Prisar og utmerkingar
Designa den reverse sida av todollarmynten gjeven ut av Royal Canadian Mint i 1999 til ære for skipinga av Nunavut. Designa ei særlaga gullmynt på to hundre dollar, laga i 2000 som del av Native Cultures and Tradition Series. Governor General's Award in Visual and Media Arts (2021)
Bøker Germaine er medforfattar og illustratør av My Name is Arnaktauyok: The Life and Art of Germaine Arnaktauyok.
Ho har også illustrert den korte teikneserien Kiviuq Vs Big Bee, skriven av Jose Kusugak og gjeven ut av Renegade Arts Entertainment i ein Arctic Comics-antologi i 2016.
Germaine har også illustrert fleire bøker, mellom anna:
Inuit Spirit: A Colouring Book by Germaine Arnaktauyok Those That Cause Fear Way Back Then Kiviuq's Journey.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Germaine Arnaktauyok» frå , den 28. oktober 2022.
Kategori:Kanadiske kunstnarar Kategori:Inuittiske kunstnarar Kategori:Folk frå Nunavut