Charlie Panigoniak (), var ein kanadisk inuittisk songar-låtskrivar og gitarist som tok for seg livet i nord på albuma sine.
Han byrja spela inn musikk på 1970-talet, og var med på prosjekt for kringkastingstenesta CBC Northern. Panigoniak er ein interessant artist som har tatt mainstream-musikk og -songar og laga nye versjonar med sin eigen unike musikkstil. Han hadde også eit mangeårig samarbeid med songaren Lorna Tasseor, som han akkompagnerte på gitar og keyboard.
Liv og virke Charlie Panigoniak blei fødd i Chesterfield Inlet i dei dåverande Nordvestterritoria, no i Nunavut. Då han var 30, var han allereie blitt ein kjend utøvar av inuittisk musikk i mange ulike inuittsamfunn rundt om i noverande Nunavut.
Med oppveksten i Nord-Canada var Panigoniak avskoren frå mykje av det som skjedde i kanadisk kultur generelt, og var sterkare påverka av dei lokale tradisjonane. Seint på 1950-talet bestemte dei kanadiske styresmaktene seg for å flytta sveltande inuittar frå innlandet til ulike kystbusetnader. Med desse tilflyttarane kom også nye tankar og idear, og moglegvis ein sjanse til å høyra meir generell kanadisk musikk.
Panigoniak fekk den fyrste gitaren sin av faren då han var 21. Denne gitaren var laga av ein blekkboks. Med denne kunne Panigoniak ta for seg og tolka country-sjangeren.Whidden (1981) I 1967 måtte Panigoniak reisa til Brandon i Manitoba for å få behandling for tuberkulose. Denne reisa til ein større by opna auga hans for nye musikkformer. Ho gav han også høve til å kjøpa sin fyrste skikkelege gitar. Sidan dette har Panigoniak utvikla ein country folk-stil. Songane hans handlar ofte om vennar, familie og daglegdagse hendingar frå livet hans. Dei er skrivne på inuktitut.
I 1973 spelte Panigoniak i Rankin Inlet, der han blei høyrd av Doug Ward. Ward var produsent for CBC, og likte musikken til Panigoniak så mykje at han ordna til ein innspelingssesjon for han i Toronto neste sommar. Panigoniak spelte inn fleire album for CBC Northern Service. Dei omfattar to EP-ar (11 songar) og LP-ane Inuktitut Christmas & Gospel Songs (), My Seasons () and Just for Kids (). Barnealbumet blei spelt inn saman med Tasseor, som Panigoniak kom til å ha jamne samarbeid med sidan. Panigoniak har samarbeidd med Lorna Tasseor i over 30 år. Inuktitut-versjonen hans av «Rudolph the Red-Nosed Reindeer» (, ) med Lorna Tasseor var med på samlealbumet A Northern Christmas (, ) frå 1996.
I 2012 blei han tildelt den høgaste utmerkinga i heimterritoriet, Order of Nunavut, i lag med kunstnaren Kenojuak Ashevak. Begge blei utnemnde til «ambassadors for our territory and its people». Utmerkinga framhever bidrag av kulturell, sosial eller økonomisk tyding for terrirtoriet.
Panigoniak døydde 6. mars 2019 i heimen sin i Rankin Inlet, ein dag før han fylte 73.Legendary Inuk singer Charlie Panigoniak has died
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Charlie Panigoniak» frå , den 5. november 2022.
Bibliografi
Whidden, L. (1981). Charlie Panigoniak: Eskimo music in transition. Retrieved 5 October 2008, from http://cjtm.icaap.org/content/9/v9art4.html
Bakgrunnsstoff
Review of A Northern Christmas
Kategori:Inuittiske musikarar Kategori:Inuittiske låtskrivarar Kategori:Kanadiske musikarar Kategori:Kanadiske låtskrivarar Kategori:Folk frå Nunavut