Åbo Underrättelser (ÅU) er ei svenskspråkleg lokalavis for Åbo, Sankt Karins og Åboland i Finland. Ho kjem ut fem dagar i veka og har eit opplag på rundt 7 500 eksemplar. Nyheitene blir òg publiserte på nettsida til avisa.
Første eksemplar av Åbo Underrättelser vart utgjeve den 3. januar 1824, og avisa er dermed den eldste dagsavisa i Finland som framleis eksisterer.
Åbo Underrättelser er eigd av Förlags Ab Sydvästkusten.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Åbo Underrättelser» frå , den 6. november 2022.
Bakgrunnsstoff
Åbo Underrättelser på nettet Historiska tidningsbiblioteket: Åbo Underrättelser. Utgåver frå 1824 til 1909. Uppslagsverket Finland, Åbo Underrättelser.
Kategori:Aviser skipa i 1824 Kategori:Finske aviser