Beatrice Akuvi Hosen Kumordzie (), også kjend under artistnamnet Akuvi, er ein norsk songar og låtskrivar.
Bakgrunn Kumordzie har røter frå Ghana og er oppvaksen på Borgen i Asker, i ein musikalsk familie. Faren, Kofi Kumoji, er ein ghanesisk musikar, og systera Anna-Lisa Kumoji er artist og skodespelar. Gjennom faren vart ho tidleg introdusert for afrikansk musikk og rytmar, og etter kvart fekk hun interesse for amerikansk hiphop og R 'n 'B.
I byrjinga av 20-åra flytta Kumordzie til Cape Town i Sør-Afrika der ho eksperimenterte i ulike musikksjangrar saman med lokale musikarar. Sjølv skildrar ho musikken sin som «reggae-infuced neo-soul».
Akuvi gav ut sine fyrste singlar i 2019, og same år deltok ho i fleire tv-program som Beat for Beat (NRK) og Expresso Morning Show (SABC), i tillegg til festivalar som Oslo Afro Arts Festival i august 2019 og Bergen International Music Festival i oktober same året.
Akuvi var ein av finalistane i Melodi Grand Prix 2020 i Trondheim 15. februar. Der deltok ho med låten «Som du er».
Diskografi EP-ar 2019 – Unfinished Business
Singlar 2019 – «Free Me from Me» 2019 – «Obligations» 2020 – «Som du er»
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Akuvi» frå , den 10. november 2022.
Kategori:Norske songarar Kategori:Norske låtskrivarar Kategori:Melodi Grand Prix 2020-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2020-låtskrivarar Kategori:Melodi Grand Prix 2023-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2023-låtskrivarar Kategori:Folk frå Asker