Füssen er ein by og ein kommune med 15 800 ibuarar i regionen Allgäu, sørvest i Bayern i Tyskland. Byen ligg 808 meter over havet og er den høgstliggjande byen i Bayern. Gjennom byen renn elva Lech. Kommunen er 43,5 km² vid.

Füssen utvikla seg under romarriket gjennom vegstrekninga Via Claudia Augusta som knytte den tyske byen Augsburg saman med maktbastionar i Nord-Italia. I tida 1486-1505 fekk biskopane i Augsburg bygt Hohe Schloss over mellomalderbyen Füssen og gjorde borga til sin sommarbustad. Ein fredsavtale mellom Habsburgmonarkiet og kurfyrstedømet Bayern vart inngått her 22. april 1745.

I dag er regionen rundt Füssen eit mykja nytta reisemål, kjent for kongeslotta Neuschwanstein og Hohenschwangau, som begge ligg nærområda til byen.

Skiskyttaren Michael Greis er frå Füssen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Füssen» frå , den 12. november 2022.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Bayern