Trine Lise Sundnes () er ein norsk politikar frå Oslo. Ho er sidan 2021 stortingsrepresentant frå Oslo for Arbeidarpartiet.
Sundnes var leiar i LO-forbundet Handel og Kontor (HK) frå 2013 til 2020. Perioden april 2020 til hausten 2021 leia ho LO si internasjonale avdeling. Sidan 2015 er ho styreleiar i FN-sambandet.
Ved stortingsvalet 2021 var Sundnes Oslo Arbeidarparti sin fjerdekandidat og fekk med god margin fast plass på Stortinget. Her vart ho plassert i Arbeids- og sosialkomiteen.
Kjelder Stortinget.no
Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Norske fagforeiningsleiarar Kategori:Folk frå Oslo