«Stefania» (ukrainsk skrift «Стефанія», norsk transkripsjon Stefanija) er ein folkhiphop-låt frå 2022 med det ukrainske bandet Kalush Orchestra. Songen representerte Ukraina og vann Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.

Om songen «Stefania» er ein hiphop-song med sterke element av elektronisk pop og ukrainsk folkemusikk. Han er skriven av det ukrainske folk-hiphopbandet Kalush Orchestra og vart gjeven ut 7. februar 2022. Også teksta kombinerer ulike stilretningar; refrenga er bygde opp i typisk austeuropeisk folk-tradisjon, med korte setningar og lange vokalar. Versa har mykje lengre setningar og vert framført langt raskare enn refrenga, nærast rapping.

Songen er ein ode til mødre, der eg-personen i songen fortel om gode minne om mor si, Stefanija. Eg-personen legg merke til kor mykje eldre mora har vorte, og mimrar nostalgisk tilbake til barndomen: «Enga blomstrar, men ho vert grå. Syng ein voggesong for meg, mamma. Eg vil høyre dine ord».

Eurovision Song Contest miniatyr|Kalush Orchestra under ein pressekonferanse i Torino i mai 2022. «Stefania» var blant bidraga i den ukrainske songtevlinga Vidbir laurdag 12. februar 2022, der vinnaren fekk representere Ukraina i Eurovision Song Contest. I finalen vann «Stefania» telefonavrøystinga med stor margin, men enda samanlagd på andreplass, bak vinnaren Alina Pasj og songen «Shadows of Forgotten Ancestors». Nokre dagar etter finalen valde Pasj å trekkje seg frå oppdraget med å representere Ukraina, på grunn av strid rundt ei reise ho hadde til Krim i 2015. I Ukraina er det strenge reglar for innreise til den russisk-okkuperte halvøya. Den ukrainske kringkastaren Suspilne vedtok difor å tilby oppdraget til andreplassen Kalush Orchestra, som etter litt områdingstid takka ja. Deltakinga vart offisielt stadfesta 22. februar 2022.

Favorittstempel etter invasjonen Berre to dagar etter kunngjeringa gjekk Russland til militært åtak på Ukraina. Invasjonen gjorde at songen og den ukrainske deltakinga i Eurovision Song Contest fekk ekstra stor merksemd, og «Stefania» gjekk rett til topps hos bookmakarane.

Den europeiske kringkastingsunionen utestengde samstundes Russland frå Eurovision Song Contest, som del av dei omfattande sanksjonane mot russiske myndigheiter. Trass invasjonen og krigen bestemte Ukraina seg for å delta i Eurovision Song Contest 2022.

Sigeren i Eurovision Song Contest I vekene fram mot Eurovision Song Contest var «Stefania» soleklår favoritt til å vinne, og han innfridde favorittstempelet. I finalen vann songen ein solid siger etter å ha fått rekordmange poeng frå tv-sjåarane, heile 439 poeng. Dette var den tredje sigeren til Ukraina i Eurovision Song Contest.

Listeplasseringar Liste (2022)Høgasteplassering Austerrike (Ö3 Austria Top 40)26 Australia (ARIA Digital Tracks)27 Belgia (Ultratop Flandern)24 Finland (Suomen virallinen lista)2Global 200 (Billboard)85 Hellas (IFPI Greece)9 Irland (IRMA)30 Island (Tónlistinn)7 Italia (FIMI)53 Kroatia (Billboard)6 Litauen (AGATA)1 Nederland (Nederlandse Top 40)38 Nederland (Single Top 100)36 Noreg (Topplista)19 Portugal (AFP)92 Slovakia (Singles Digitál Top 100)27 Storbritannia (UK Singles)38 Sveits (Schweizer Hitparade)11 Sverige (Sverigetopplistan)7 Tsjekkia (Singles Digitál Top 100)22 Tyskland (Deutsche offizielle Charts)22 Ukraina (Tophit Radio & YouTube)2 Ukraina (Tophit Airplay)1 Ungarn (Single Top 40)5 USA (Billboard World Digital Song Sales)2

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stefania (Kalush Orchestra-sang)» frå , den 30. november 2022.

Kategori:Ukrainske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest-vinnarsongar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-songar Kategori:Ukrainskspråklege Eurovision Song Contest-songar