Bell's Life in London, and Sporting Chronicle var ei engelsk vekeavis som tok for seg sport og underhaldning. Ho blei gjeven ut som rosa broadsheet mellom 1822 og 1886.

Historie Bell's Life blei grunnlagd av Robert Bell, ein trykker og utgjevar frå London. Bell selde avisa til William Innell Clement, eigaren av The Observer, i 1824 eller 1825, og avisa slukte ein konkurrent, Pierce Egan's Life in London and Sporting Guide. Frå 1824 til 1852 var avisa redigert av Vincent George Dowling.Tony Mason, ‘Dowling, Vincent George (1785–1852)’, Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, 2004, besøgt 29. december 2007 Sonen til Dowlin, Frank Lewis Dowling, redigerte i røynda avisa dei siste åra faren var i livem og etterfølgde han som redaktør frå 1852 til 1867. I 1860-åra hadde Bell's Life konkurranse frå The Field, The Sportsman, Sporting Life og The Sporting Times. I 1885 kjøpte Edward Holtonn Bell's Life og gjorde ho om til ei dagsavis, men i 1886 blei ho overteken av Sporting Life.Waterloo Directory of English Newspapers and Periodicals

Bidragsytarar Nokre bidragsytarar til avisa var: Francis Frederick Brandt jordbruksskribenten Henry Corbet (1820–78) Charles Dickens Henry Hall Dixon sportsfiskeskribenten Edward Fitzgibbon (1803–57) cricketskribenten Frederick Gale (1823–1904) W.H. Leverell kortspelskribenten Henry Jones (1831–1899) William Russell Macdonald (1787–1854) Rev. Charles Henry Newmarch (1824–1903) idrettsskribenten William Ruff (1801–56) Robert Smith Surtees sjakkskribenten George Walker (1803–79) John Henry Walsh Joseph Osborne «Beacon», hestetrenar og -eigar, forfattaren av The Horsebreeder's Handbook

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bell's Life in London» frå , den 7. desember 2022. Denne artikkelen bygger på «Bell's Life in London» frå , den 7. desember 2022.

Kategori:Skipingar i 1822 Kategori:Tidlegare britiske aviser