Alvan & Ahez er eit fransk musikkprosjekt frå Bretagne. Det består av elektromusikaren Alvan (Alexis Morvan-Rosius) og folkevokaltrioen Ahez (Marine Lavigne, Sterenn Diridollou og Sterenn Le Guillou). Alvan & Ahez representerte Frankrike i Eurovision Song Contest 2022 med den bretonskspråklege songen «Fulenn».

Bakgrunn Gruppa vart skipa i 2021, men både Ahez og Alvan har drive med musikk og song i ei årrekkje før dette.

Ahez Vokaltrioen Ahez består av Marine Lavigne, Sterenn Diridollou og Sterenn Le Guillou, som alle møtte kvarandre på ein bretonskspråkleg videregåande skule i Carhaix-Plouguer. Dei tre songarane fullførte skulegangen i språkleg fordjuping og danna vokalgruppa Ahez, der dei framførte musikk og songar på bretonsk. Gruppenamnet er henta frå den bretonske mytologiske skikkelsen Ahez (fransk: Ahès), som i bretonsk kultur vert omtala som både ei gudinne og ei heks. Ahez skriv songer på bretonsk, og tekstene handlar om moderne historier blanda med historiske myter og skikkelsar frå Bretagne.

Gruppa har hatt ei rekkje framsyningar med tradisjonell bretonsk musikk og dans, blant anna på tradisjonelle bretonske folkemusikkfestivalar, kalla Fest-noz. Dei har også opptredd på Festival Interceltique de Lorient og Celtic Connections i Glasgow.

Alvan Alexis Morvan-Rosius (fødd 17. mars 1993) er ein fransk elektromusikar frå Rennes i Bretagne. Han opptrer under artistnamnet «Alvan», som er ei sammentrekking av Alexis Morvan. Han byrja å lage musikk i 2011, og fire år etter bestemde han seg for å avslutte jobben i helsevesenet og i staden satse for fullt på musikken. De påfølgjande åra gav han ut ei rekke singlar og remiksar, og i 2016 vann han BPM Contest, en tevling for ferske og kommqnde artistqr. Dette gav han ein platekontrakt med Elektra Records France. Han har sidan spela på ei rekkje festivalar, blant anna Rencontres Trans Musicales i 2021, og han har varma opp for artistar som Ofenbach og Petit Biscuit.

Samarbeid og Eurovision Song Contest Seint i 2021 møtte Alvan og Marine Lavigne frå Ahez på ein bar på Place Sainte-Anne i Rennes. Lavigne fortalde om det keltisk-bretanske musikkprosjektet til gruppa. Alvan, som sjølv ikkje snakkar bretonsk, hadde sjølv gått med ein liknande idé og hadde fleire demoar og musikkproduksjonar liggjande. Dei fire musikarane starta eit samarbeid og produserte blant anna låten «Fulenn» (gneist) som dei sende inn til den franske uttakinga til Eurovision Song Contest.

Tv-kanalen France 2 plukka ut låten til å delta i songtevlinga Eurovision France, c'est vous qui décidez! (norsk: Eurovision Frankrike, det er du som avgjer!). Vinnaren av tevlinga fekk representere Frankrike i Eurovision Song Contest. I finalen laurdag 5. mars 2022 vann Alvan & Ahez tevlinga etter å ha fått flest poeng frå både jury og tv-sjåarar. Dei fekk dimed representere Frankrike i finalen av Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia laurdag 14. mai. I finalen enda dei på nest sisteplass av 25 bidrag.

Dette var andre gongen, og fyrste gongen sidan 1996, at Frankrike deltok i Eurovision Song Contest med eit bidrag på bretonsk.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alvan & Ahez» frå , den 9. desember 2022.

Kategori:Franske musikkgrupper Kategori:Franske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Franske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-låtskrivarar Kategori:Folk frå Bretagne