mini|Døme på motivet Elg i solnedgang er eit kjent motiv for bilde hengde opp i norske heimar i etterkrigsåra. Det finst fleire variantar av motivet, med bilde av elgar i skogen i solnedgang, dagslys, månelys og anna. Den nyromantiske kunstnaren Christian Skredsvig måla eit kjent måleri kalla Elg i solrenningen. Elles er Gondro Elind opphavsmann til mangfaldiggjorte motiv.

Etter den sterke populariteten i etterkrigstida gjekk motivet av moten på 1960- og 1970-talet. Det blei omtalt som «kitsch» eller «harry», det vil seia banalt, smaklaust eller folkeleg. Seinare har interessa for dei eldre bilda og for sjølve motivet teke seg opp att.

Arne Lie Christensen tok for seg fleire døme på folkeleg kunst i Noreg i boka Elg i solnedgang – et kulturhistorisk blikk på bilder i 2020.

I Tyskland har motiv av ein «brølande hjort» (Röhrender Hirsch) hatt same funksjon.

Kjelder

Kategori:Norsk kunst

Kategori:Hjortedyr i kulturen