The Chordettes var ein kvinneleg songkvartett som framførte populærmusikk. Gruppa blei skipa i Sheboygan i Wisconsin i 1946. Dei best kjende songane hennar er «Mr. Sandman», som kom ut i 1954, og «Lollipop» frå 1958. Den sistnemnde blei ein hit i 1967 i ein coverversion av den britiske popgruppa Red Squares.

Dei opphavlege medlemmane i gruppa var Janet Ertel (f. Buschmann; 1913–1988), Alice Mae Buschmann Spielvogel (1925– 1981), Dorothy «Dottie» (Hummitzsch) Schwartz og Jinny Osborn/Lockard (1927–2003). Alice Spielvogel blei erstatta av Carol Buschmann, svigerinna si, i 1947. I 1952 kom Lynn Evans (f. Hargate; 1924–2020) inn i staden for Schwartz. I 1953 erstatta Margie Needham Osborn, som venta barn. Osborn kom seinare tilbake til gruppa. Nancy Overton var med gruppa på konsertar i 1957 etter at Janet Ertel, som var over ti år eldre enn dei andre medlemmene, valde å ikkje vera med på turnear. Ertel heldt likevel fram med å spela inn musikk med Chordettes. Gruppa song opphavleg folkemusikk i same stil som The Weavers, men gjekk etterkvart over til ein harmoniserande stil som i barbershop eller tett harmoni.

Diskografi

Album

Harmony Time (1951) Harmony Encores (1952) The Chordettes Sing Your Requests (1954) Close Harmony (1955) The Chordettes (1957) Listen (1957) Drifting and Dreaming (1959) Never On Sunday (1962)

Singlar (på Billboard Hot 100)

1954 – «Mr. Sandman»/«I Don't Wanna See You Cryin'» (#1) 1956 – «The Wedding»/«I Don't Know, I Don't Care» (#91) 1956 – «Eddie My Love»/«Whistlin' Willie» (#14) 1956 – «Born To Be With You»/«Love Never Changes» (#5) 1956 – «Lay Down Your Arms»/«Teen Age Goodnight» (#16 / #45) 1957 – «Just Between You and Me»/«Soft Sands» (#8 / #73) 1958 – «Lollipop»/«Baby, Com-A Back-A» (#2) 1958 – «Zorro»/«Love Is A Two-Way Street» (#17) 1959 – «No Other Arms No Other Lips»/«We Should Be Together» (#27) 1961 – «Never On Sunday»/«Faraway Star» (#13 / #90)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Chordettes» frå og «The Chordettes» frå , den 27. desember 2022.

Bakgrunnsstoff

Vocal Group Hall of Fame: The Chordettes The Chordettes på AllMusic

Kategori:Musikkgrupper skipa i 1946 Kategori:USA-amerikanske musikkgrupper