Chichen Itza er ein ruinby på den nordlege delen av Yucatán-halvøya søraust i Mexico. Ruinane har spor av to ulike kulturepokar, ein maya- og ein itzá-epoke. Byen var framtredande allereie i klassisk mayatid, omkring 600-900 e.Kr. På 900-talet blei han erobra av itzáfolket.

Stordomstida til Chichen Itza opphøyrde kring 1400. Ruinane blei funne att i jungelen på 1800-talet, og sidan er fleire tempel blitt restaurerte.

Chichén Itzá blei teken med på UNESCO si liste over verdsarv i 1988. I 2007 blei El Castillo på staden utnemnd til eit av dei sju nye underverka i verda etter ei verdsomspennande avstemming. Agencia EFE, S.A.. Madrid, Spanien, 29. juni 2007: "Chichén Itzá podría duplicar visitantes en 5 años si es declarada maravilla." ("Hvis Chichen Itza udnævnes til et vidunder, kan besøgstallet i løbet af 5 år blive fordoblet.") Kilden til besøgstallet oplyses som Francisco López Mena, leder af Consejo de Promoción Turística de México (CPTM).

Galleri

none|mini|800x800pk|Krigartempelet Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Chichen Itza» frå , den 29. desember 2022.

Bakgrunnsstoff

UNESCO: Pre-Hispanic City of Chichen-Itza (engelsk)

Kategori:Arkeologiske stader i Mexico Kategori:Mayiske arkeologiske stader Kategori:Verdsarv i Mexico Kategori:Verdas sju nye underverk Kategori:Yucatán