høgre|mini|Mesoamerika med ulike underområde mini|Mayaskrift i Museo del sitio i Palenque i Mexico, eit døme på ein tekst på eit mesoamerikansk språk skrive med eit mesoamerikansk skriftsystem. Mesoamerikanske språk er ein språkbunt som omfattar alle dei indianske språka frå det mesoamerikanske kulturområdet, som dekker det sørlege Mexico, heile Guatemala og Belize og deler av Honduras og El Salvador. Området blir karakterisert av stor lingvistisk variasjon og har fleire hundre ulike språk fordelt på sju familiar, men språka i området har på grunn av relativt tett kontakt utvikla ei rekke fellestrekk.
Dei mesoamerikanske språka var blant dei første til å utvikla eiga skrift. Dei eldste tekstane stammar frå rundt år 1000 f.Kr. Etter den spanske erobringa frå slutten av 1500-talet byrja dei å skriva dei mesoamerikanske språka med det latinske alfabetet. Mange av språka er i dag utdøydde eller trua, men andre, mellom anna nahuatl, mayiske språk, mixtekisk og zapotekisk, har fleire hundre tusen talarar og lever i beste velgåande.
Språk Blant dei mesoamerikanske språka finn vi språk frå desse språkfamiliane:
Uto-aztekisk Otomangueansk Mixe-zoqueansk Totonakisk Mayisk Chibchansk Misumalpansk
Trekk Dei mest representative trekka som er felles for dei fleste mesoamerikanske språka, er dei følgjande:Campbell, Kaufman og Smith-Stark (1986), ss. 536–558
avstemming av sonorante konsonantar i slutten av ord stemming av obstruenter etter nasalar vokalharmoni fast og føreseieleg stavingstrykk markering av eigarskap av typen «hans-substantiv1 substantiv2», med tydinga «substantiv2s substantiv1». bruk av relasjonelle substantiv som spatiale markørar tjuetalssystem ingen verb-finale språk fråvær av «switch reference» lokativar avleidde frå kroppsdelar inkorporering av substantiv ei rekke utbreidde importord
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mesoamerikanske språk» frå , den 30. desember 2022.
Kategori:Mesoamerikanske språk