Terje Aronsen () er ein norsk forkjempar for kvensk språk og kultur. 16. mars 2015 vart han utnemnd til Riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for arbeidet sitt.Pressemelding fra kongehuset - Lest 29. juni 2015Lederartikkel om utnevnelsen til Ridder i Sagat
Aronsen er utdanna lærar, og arbeidde i skoleverket. Dei siste åra av yrkeslivet arbeidde han som undervisningsleiar på Kainun institutti - Kvensk institutt i Børselv. Han har arbeidd for kvensk kultur sidan 1970-talet, og vart i 1987 første leier i Norske kveners forbund.Ridder Terje - iFinnmark. Lest 29. juni 2015Aronsen fikk kulturpris – igjen! - Norske Kveners Forbund. Lest 29. juni 2015
Aronsen har òg bidratt med ti omsetjingar av salmar til kvensk til Norsk salmebok 2013, og vore sentral i arbeidet med å plukka ut dei femten salmane på kvensk som er med i boka.Astrid Hessellund og Sindre Skeie, «Månedens salme juli 2015» i Luhersk kirketidende, nr. 13 2015, s. 303.
Utmerkingar Kulturpris frå Porsanger kommune (1992) Norske Kveners Forbunds kulturpris (2012) Riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden (2015) for innsatsen sin for kvenene.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Terje Aronsen» frå , den 31. desember 2022.
Kategori:Folk frå Porsanger Kategori:Norske kulturarbeidarar Kategori:Norske salmediktarar