Klas Ivar Wilhelm Lestander () var ein svensk skiskyttar og snikkar, frå Arjeplog i Norrbottens län. Han overraska ved å vinne gullmedaljen i skiskyting under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley.

Karriere Lestander var ein av få utøvarar som deltok i prøve-OL 1959 i Squaw Valley. Året etter var han på plass i OL-løypa, der han med sitt mausergevær trefte blink med alle 20 skota på 20-kilometer. Trass i at han berre hadde 15. beste langrennstid av dei 30 deltakarne, vann han tevlinga med 2 minutt til gode på finske Antti Tyrväinen. Året etter kom Lestander på niandeplass i VM i skiskyting 1961 i Umeå.

Lestander lukkast aldri verte svensk meister. Han var aktiv fram til 1965.

Kjelder

'Olympiaboken. Squaw Valley - Roma'. 1961 Denne artikkelen bygger på «Klas Lestander» frå , den 16. januar 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Svenske skiskyttarar Kategori:Olympiske meistrar for Sverige Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1960 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1960 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1961