Fouta Djallon, òg kjent som Futa Jallon, er eit høgland i sentrale Guinea. Høglandet har senter i prefektura Labé og Dalaba, men omfattar òg Télimélé, Mali og Tougué.

Mange store vestafrikanske elver har utspring i Fouta Djallon, og området er derfor blitt kalla «vasstårnet til Vest-Afrika». Dei største av elvane som har opphavet sitt her er Senegalelva, Gambiaelva, Nigerelva, Rio Corubal, Great Scarcies og Little Scarcies. Elvane er i sin tur viktige vasskjelder for fleire land i Vest-Afrika: Gambia, Guinea, Guinea-Bissau, Mali, Mauritania, Niger, Sierra Leone og Senegal. Nigerelva renn òg gjennom Nigeria, der ho har deltaet sitt.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fouta Djallon» frå , den 23. januar 2023.

Kategori:Platå Kategori:Guineansk geografi