Maggie Celine Louise De Block () er ein belgisk politikar. Ho er medlem av det flamske liberale partiet Open VLD. Ho var sosial- og helseminister frå 2014 til 2020 under regjeringa til Charles Michel.

Ho vart mykje omtala og kritisert av utanlandsk medium for å ikkje passa rolla som helseminister der dei særleg påpeika fedme og diabetes type to som to årsaker. Til denne kritikken svara ho at «Eg veit at eg ikkje er ein modell, men du må sjå kva som er inni, ikkje emballasjen.» Blant belgiarane hadde ho stor tillit og var godt likt, og var mellom anna ein kandidat til å verta statsminister i Belgia.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Maggie De Block» frå Wikipedia Simple English, den 3. mars 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Belgiske politikarar