Kråkefamilien, latinsk Corvidae, på norsk ofte kråkefuglar, er ein biologisk familie av Oscines-sporvefuglar med kosmopolitisk utbreiing som inneheld kråker, ramnar, kaier, skrikjer og skjorer. Ramn og tjukknebbramn er dei største artane av alle sporvefuglar. Slekta Corvus, med kaier, kråker og ramnar, utgjer over ein tredjedel av heile familien som totalt samlar om lag 125 artar.
Dei er sett på som intelligente fuglar, og blant dei mest intelligente av alle dyr,http://biology.plosjournals.org/perlserv/?request=get-document&doi=10.1371/journal.pbio.0060202http://news.yahoo.com/story//nm/20080819/sc_nm/magpies_mirror_dc til dømes har skjor demonstrert sjølvmedvit i spegltestar, kråke og kornkråke har vist evne til å lage verktøy, eigenskapar som inntil nyleg var rekna som særmerkte for menneske og nokre få andre høgare pattedyr. Masseforholdet hjerne til kropp er lik det ein finn hos aper og kvalar, og berre litt lågare enn hos menneske.Birding in India and South Asia: Corvidae. Retrieved 2007-NOV-10
Dei er middels til store i storleik, med sterke føter og nebb, fjørbustar ved nebbet og dei myter ein gong kvart år i motsetnad til dei fleste andre sporvefuglar som myter to gonger. Kråkefuglar er funne over heile verda bortsett frå lengst sør i Sør-Amerika og på polare iskapper.Clayton & Emery (2005) Dei fleste av artane finst i tropisk Sør- og Mellom-Amerika, sørlege Asia og Eurasia, med færre enn 10 artar kvar i Afrika, Australasia og Nord-Amerika. Fem artar i slekta Corvus har fått utbreiing i Australia i relativt nyare geologisk historie.
Biologi Morfologi Kråkefuglar er store til særs store sporvefuglar med ein robust kroppsbygging, sterke bein. Alle artar unntatt pinjeskrikje har nasebor som blir dekte av busteliknande fjører.Perrins 2003 Mange kråkefuglar i tempererte soner har hovudsakleg svart eller blå farga fjørdrakt. Men nokre artar er svarte og kvite, nokre har ei blålilla iriserande farge og mange tropiske artar har sterke farger. Kjønna er svært like i farge og storleik. Kråkefuglar har sterkt, kraftig nebb og stort vengespenn. Familien omfattar dei største medlemmene av ordenen sporvefuglar.
Den minste kråkefuglen er dvergskrikje på 40 gram i vekt og 21,5 centimeter i lengd. Dei største kråkefuglane er vanleg ramn og tjukknebbramn, som begge regelmessig overstig 1400 g og 65 cm.
Artar kan identifiserast basert på storleik, form, og geografi, men somme, særleg dei australske kråkene, blir best identifisert ved dei grove skrika dei gjer.Robertson (2000)
Økologi Kråkefuglar finst i dei fleste klimasoner. Dei fleste er streif- og standfuglar og trekker ikkje vesentleg. Men under matmangel, kan eruptiv migrasjon oppstå. Dei som er trekkfuglar dannar store flokkar på hausten, på den nordlege halvkula i august, og flyg sørover.Shades of Night: The Aviary . Frå 10. nov 2004, lese 18. juni 2011
Ei årsak til suksessen åt kråkene jamstilt med ramnar, er evna deira til å overlappe hekketerritorium. Under hekketida, kan kråker overlappe hekketerritorium seks gonger så mykje som ramnar. Denne inntrenginga i hekkeområda er vist å gje lokal auke i bestandstettleik.Marzluff & Neatherlin (2006)
Føde og matauke mini|høgre|Kråkefuglar er særs opportunistiske i matvanar. Her finn ei tjukknebbkråke føde på eit haikadaver
Mange kråkefuglartar er altetande, den naturlege dietten inneheld virvellause dyr, fugleungar, små pattedyr, bær, frukt, frø og kadaver. Men nokre kråkefuglar, spesielt kråkene, har tilpassa seg godt til menneskelege tilhøve og har kome til å lite på menneskeskapte kjelder til føde. I ein amerikansk studie av amerikanske kråker, ramn og furuskrikje rundt campingplassar og menneskelege busetjingar, syntest kråker å ha den mest varierte kosten av alle, tok menneskeskapte matvarer som brød, spagetti, steikte potetar, hundemat, smørbrød, og husdyrføde. Auka i tilgjengelege menneskeskapte matkjelder bidreg til auke i populasjonen for nokre artar.
Nokre kråkefuglar er predatorar på andre fugleartar. Under vintermånadene vil kråkefuglar typisk danne flokkar for næringssøk. Kråker et mange skadedyr i jordbruket, inkludert ormar, grashopper og skadeleg ugras. Nokre kråkefuglar vil ete av kadaver, men sidan dei manglar spesialisert nebb for rive i kjøtet, må dei ta dyr som er opna av andre predatorar, eller dei tar av knuste trafikkdrepne dyr.
Forplanting mini|høgre|Eit gråskrikjepar matar ungane sine. Mange artar i kråkefamilien er territoriale, vernar territorium gjennom heile året eller berre i gjennom hekkesesongen. I nokre tilfelle kan kråkefuglar verne eit territorium berre gjennom dagen, for å slutte seg til ein felles kvileplass om natta. Nokre kråkefuglar er godt kjente for å bruke felles overnattingsplassar. Dei kan danne mykje store flokkar, i Skottland ein har talt over 65 000 individ av kornkråke på ein overnattingsplass.Patterson et al. (1971) Nokre artar, inkludert kaie og kornkråke, er òg kolonihekkarar.
Parbanda hos kråkefuglar er ekstremt sterke, jamvel livslange blant einskilde artar. Det kan likevel førekomme ekstraparkopulasjonar med denne monogame livsstilen.Li & Brown (2000) Kjønna i eit par samarbeider om å byggje store reir i tre eller på fjellhyller. Hannen vil òg mate hofuglen i rugetida.Encyclopædia Britannica Online: Corvidae. Krev abonnement. Reira er bygde av ei mengd store kvister foret med gras og bork. Kråkefuglar kan legge mellom 3 og 10 egg, vanlegvis mellom 4 og 7. Egga er vanlegvis grønleg i farga med brune flekker. Etter klekking vil ungane halde seg i reiret i opptil 6-10 veker, avhengig av arten. Begge kjønn av kråkefuglar gjev omsut for avkommet.
Kaier kan hekke inne i bygningar.Verhulst & Salomons (2004) Småskjorskrike har samarbeidande hekking der hjelparane for det meste er hofuglar. Samarbeidande hekking skjer når fleire vaksne deler på å få fram ungar, det er mest vanleg blant fuglar at hjelparar i slike grupper er hannfuglar.Berg (2005)
Sosiale tilhøve Nokre kråkefuglar har sterke grupperingar innan ein populasjon, til dømes har kaier eit sterkt sosialt hierarki. Det har òg vorte registrert at mange kråkefuglartar gjev gjensidig bistand.
Unge kråkefuglar har vore kjente for å leike og ta del i omfattande sosiale leikar. Det er dokumentert gruppeleikar som følgjer ein «konge av fjellet»- og «følg leiaren»-type mønster. Andre leikar inneheld manipulasjonar, forbipasseringar, og balansering på pinnar. Kråkefuglar tar òg del i andre aktivitetar, slik som å skli ned glatte flater. Ein trur desse leikane speler ei stor rolle i utvikling av adaptive evner og overlevingsevner til fuglane.Gill (2003)
Val av make i denne familien skjer etter et ganske komplekst mønster og blir følgt av sosiale leikar. Ungane av sosiale kråkefuglartar går gjennom ei rekkje testar, inkludert akrobatiske øvingar, før dei blir aksepterte som kompisar av det motsette kjønnet.
Nokre kråkefuglar kan bli aggressive. Blåskrikjer, til dømes, er godt kjente for å åtake det som truar reira deira. Kråkene har vore kjent for å angripe hundar, kattar, ramn og rovfuglar. I dei fleste høve vil slik åtferd finne stad for å distrahere lenge nok til å skape eit høve for å stele mat frå mobbeofferet.
Intelligens
Masseforholdet hjerne til kropp blant kråkefuglar er lik det ein finn hos aper og kvalar, og berre litt lågare enn hos menneske.Birding in India and South Asia: Corvidae. Lese 18. juni 2011 Intelligensen deira blir auka av den relativt lange vekstperioden frå klekking til vaksen fugl. Ved å halde seg saman med foreldra, nyttar ungane mange høve til å lære naudsynte dugleikar. Sidan dei fleste kråkefuglar er med på samarbeidande hekking, kan dei unge læra av ulike medlemmer av gruppa.
Eksperiment lagd for å teste evner til å oppsøkje mat etter tredimensjonale leidetrådar, synte at kråkefuglar løyste problema betre enn kattar og hundar.Krushinskii et al. (1979) Ein metaanalyse for å teste kor ofte fuglar finn nye måtar å skaffe seg mat i naturen fann at kråkefuglar var dei mest innovative fuglane.BBC Online: Crows and jays top bird IQ scale. Frå 22. februar 2005, lese 18. juni 2011 Ein gjennomgang i 2004 tyder på at dei kognitive evnene deira er på linje med evnene til store aper.Emery & Clayton 2004)
Kløkt blant kråkefuglar er representert gjennom dugleikar i å skaffe føde, åtferd som krev memorering, bruk av verktøy og gruppeåtferd. Det å leve i større sosiale grupper har lengje vore forbunde med høge kognitive evner. For å leve i ei stor gruppe, må eit medlem vere i stand til å gjenkjenne individ og å spore den sosiale posisjonen til andre medlemmer over tid. Medlemmene må òg vere i stand til å skilje mellom kjønn, alder, reproduktiv status og dominans, og å oppdatere denne informasjonen heile tida. Det kan vere at sosial kompleksitet svarar til den høge forståingsevna deira.Bond et al. (2003)
Skjor er ein av dei få artar av ikkje-pattedyr kjent for å vere i stand til å gjenkjenne seg sjølv i ein spegltest.
Det finst òg konkrete døme på kløkt blant kråkefuglar. Ei svartkråke vart registrert i å knekke nøtter ved å plassere dei på ein fotgjengarovergang, lèt dei passerande bilane knekke skalet, venta på raudt lys, og kunne deretter trygt hente innhaldet.Attenborough - Crows in the City
Medlemmer av kråkefamilien har vore kjente for å observere andre fuglar, huske staden der dei gøymer maten, for deretter å kome tilbake når eigaren har fare bort frå staden. Kråkefuglar kan òg flytte maten rundt mellom ulike skjulestader for å unngå tjuveri, men berre viss dei tidlegare har vore tjuvar sjølve, det vil seie, dei huskar tidlegare relevante sosiale samanhengar, brukar si eiga røynsle av å ha vore ein tjuv til å føresjå framferda til ein naskar, og kan avgjere sikraste måten å verne matlagra frå å bli plyndra. Studiar for å vurdere tilsvarande kognitive evner blant aper har vore mangelfulle.James Owen: Crows as Clever as Great Apes, Study Says. National Geographic News. Frå 9. desember 2004, lese 18. juni 2011
Evna til å gøyme føde krev svært nøyaktig romleg minne. Kråkefuglar har vorte registrert til å huske ein skjulestad for mat inntil ni månader seinare. Det er foreslått at vertikale landemerke som tre brukast til å huske stader. Det har òg vore prov for at krattskrike, som lagrar mat som kan bli skjemd, ikkje berre husker kor dei lagra maten, men kor lengje. Dette har vorte samanlikna med episodiske minne, tidlegare tenkt å vere unikt for menneske.
Kortnebbkråke er kjent for sin høgt utvikla evne til å tilverke verktøy. Dei lagar «fiskereiskap» av kvister og lauv trimma i krokar, og nyttar deretter krokar til å trekkje insektlarver ut frå hol i tre. Verktøy er utforma i samsvar med oppgåva, og tilsynelatande òg etter lærte preferansar. Nyare studiar viser evner til å løyse kompliserte problem, noko som tyder på høg grad av innovasjon av ein kompleks natur.BBC On-line: Clever New Caledonian crows can use three tools Andre kråkefuglartar som har vorte observerte i å bruke reiskap omfattar amerikakråke, blåskrikje og grønskrikje. Mangfald i verktøydesign blant kråkefuglar antyder kulturell variasjon. Igjen, store aper er dei einaste andre dyregrupper som er kjente for å bruke verktøy på ein slik måte.
I ein studie basert på geometriregellæring i 2002, blei det gjort samanlikningar av kongekråke og kaie. Kråkefuglane måtte saman med ei bydue finne eit objekt plassert mellom to landemerke, medan avstandar og landemerke vart endra på. Kongekråkene synte seg meir nøyaktige i søka sine enn kaiene og duer.Jones et al. (2002)
Fugleskremsel er ein arketypisk skremmetaktikk i landbruksnæringa. Men på grunn av kråkefuglane sin forstand, blir eit fugleskremsel snart ignorert og blir brukt som kvileplass. Trass innsatsen til bønder for å kvitte seg med kråkefuglar som opptrer som skadedyr, har kråkefuglane utvida territoria sine og auka populasjonen.