Dame Evelyn Elizabeth Ann Glennie, CH, DBE () er ein skotsk perkusjonist. Ho var ein av to vinnarar av Polarprisen i 2015.

Bakgrunn Glennie er frå Methlick i Aberdeenshire i Skottland. Folkemusikktradisjonen i Noraust-Skottland var viktig for den musikalske utviklinga hennar. Dei fyrste instrumenta hennar var piano og klarinett. Andre musikalske påverknader var Glenn Gould, Jacqueline du Pré og Trilok Gurtu. Ho var student ved Ellon Academy i Aberdeenshire og ved Royal Academy of Music i London. Ho var med i National Youth Orchestra of Scotland og av Cults Percussion Ensemble, som blei skipa i 1976 av perkusjonslæraren ved skulen hennar, Ron Forbes. Gruppa turnerte og gav ut eit album, som blei gjenutgjeve av Trunk Records i 2012.

Høyrsletap Glennie mista høyrsla heilt då ho var 12, etter at denne hadde byrja å bli svekka frå ho var 8. Ho speler ofte berrføtt under konsertar og i innspelingsstudio for å kunna føla musikken.

Ifølgje Glennie er dauve ofte misforstått av allmugen. Ho har forklart at ho har lært seg sjølv å høyra med andre delar av kroppen enn øyrene. Glennie har gjeve ut eit «Hearing Essay» på nettstaden sin der ho skildrar sine erfaringar. Ho har også forklart korleis ho høyrer med ulike delar av kroppen i ei TED-førelesing med tittelen «How To Truly Listen» frå 2003. Ei samling av talane og tekstane hennar er gjevne ut i boka Listen World!.

Virke Glennie har turnert over heile verda og opptredd som solist med ei rekkje ulike orkester og musikarar. Ho held meisterklassar og konsultasjonar Ho har også bestilt ei rekkje nye verk for soloperkusjon. Ho opptredde ved opningsseremonien til OL i London i 2012, der ho leia tusen trommeslagarar i opningsstykket And I Will Kiss.

Ho er støttespelar for den veldedige musikkorganisasjonen Sound World. Ho er ambassadør for Sistema Scotland og leiar for organisasjonen Help Musicians. Ho blei utnemnd til Music Rights Champion av International Music Council i oktober 2016.

Evelyn Glennie speler også sekkepipe (Great Highland Bagpipes) og har sitt eige tartanmønster registrert som The Rhythms of Evelyn Glennie. Ho eig over 3 500 perkusjonsinstrument frå heile verda, og utvider stadig samlinga.

Samarbeid Glennie tok del på den islandske songaren Björk sitt album Telegram, der ho spelte på duetten «My Spine». Ho var også med på å skriva «Oxygen». Ho har også samarbeidd med fleire andre musikarar, som Steve Hackett, Bela Fleck, Bobby McFerrin, Fred Frith, Mark Knopfler, The King's Singers og Kodō

I 2012 samarbeidde ho med Underworld og Danny Boyle om lydsporet til opningsseremonien ved Sommar-OL 2012 i London, og opptredde live på stadionet der han blei halden.

I 2018 samarbeidde Glennie med Gregory Doran og Royal Shakespeare Company om å skriva musikk til ei oppsetjing av Troilus and Cressida. Same året byrja ho eit samarbeid med den eksperimentelle jazzgruppa Trio HLK, som ho turnerte med og deltok på debutalbumet deira Standard Time.

I 2020 samarbeidde Glennie med musikkorganisasjonen Sound World, som ho skreiv eit nytt stykke for, «The Grace of Silence», til diera Coronavirus Fund for Freelance Musicians. Det blei spelt inn av medlemmer av Bristol Ensemble og gjeve ut av Sound World i januar 2021. Det er opningssporet på albumet Reflections. Glennie skreiv også noko av filmmusikken til Sound of Metal, regissert av Darius Marder. Verka hennar blir gjevne ut av Faber Music.

Prisar og utmerkingar Royal Philharmonic Society's Best Soloist of the Year 1991 Best Chamber Music Performance ved Grammyprisen 1989 Scot of the Year 1982 Queen's Commendation prize for all round excellence, 1985 Leonardo da Vinci International Art Award, 1987 Scotswoman of the Decade, 1990 Best Studio and Live Percussionist from Rhythm Magazine 1998, 2000, 2002, 2003 & 2004 Walpole Medal of Excellence, 2002 Fellowship of the Royal Academy of Music, 2002 Æresdoktorat frå Heriot-Watt University, 2002 Honorary Fellowship frå Homerton College, Cambridge, 2016 Musical America Instrumentalist of the Year, 2003 Sabian Lifetime Achievement Award, 2006 Percussive Arts Society: Hall of Fame – November 2008 Polar Music Prize, 2015 Best Classical Instrumental Solo in the Grammy Awards of 2014 Léonie Sonning Music Prize, 2023

Glenia har fått 28 æresdoktorat frå universitet i Storbritannia, blei utnemnd til Officer of the Most Excellent Order of the British Empire (OBE) i 1993 og blei opphøgd til Dame Commander of the Most Excellent Order of the British Empire (DBE) i New Year Honours i 2007. Ho blei utnemnd til Order of the Companions of Honour (CH) ved New Year Honours i 2017.

7. april 2021 blei Evelyn Glennie utnemnd til chancellor for Robert Gordon University etter sir Ian Wood.

Diskografi

Bartók: Sonata for Two Pianos and Percussion / Brahms: Haydn Variations for Two Pianos (Sony Classical, 1988) Rhythm Song (RCA Victor, 1990) Light in Darkness (RCA Victor, 1991) Evelyn Glennie | Dancin (RCA Victor, 1991) Rebounds: Concertos for Percussion (RCA Victor, 1992) James Macmillan: Veni, Veni, Emmanuel (Catalyst, 1993) Last Night of the Proms: The 100th Season (Teldec 1994) Wind in the Bamboo Grove (Catalyst, 1995) Drumming (Catalyst, 1996) The Music of Joseph Schwantner (RCA Victor, 1997) Evelyn Glennie: Her Greatest Hits (RCA Victor, 1998) Street Songs (RCA Victor, Red Seal, 1998) Reflected in Brass: Evelyn Glennie Meets the Black Dyke Band (RCA Victor, Red Seal, 1998) Shadow Behind the Iron Sun (Catalyst, 2000) Dave Heath: Africa Sunrise/Manhattan Rave (Black Box, 2001) Béla Fleck: Perpetual Motion (Sony Classical, 2001) UFO: The Music of Michael Daugherty (Klavier, 2001) Mark-Anthony Turnage: Fractured Lines (Chandos, 2002) Oriental Landscapes (BIS, 2002) Christopher Rouse: Der gerettete Alberich / Rapture / Violin Concerto (Ondine, 2004) Michael Daugherty: Philadelphia Stories / UFO (Naxos, 2004) Philip Glass: The Concerto Project Vol. I (Orange Mountain Music, 2004) Margaret Brouwer: Aurolucent Circles / Mandala / Sizzle (Naxos, 2006) Touch the Sound (Normal, 2006) – lydspor til filmen av same namn Erkki-Sven Tüür: Magma (Virgin Classics, 2007) The Sugar Factory (Tzadik, 2007) Thea Musgrave: Turbulent Landscapes / Songs for a Winter's Evening / Two's Company (NMC, 2009) Experimental Percussion (Audio Network, 2009) Steven Stucky: Pinturas de Tamayo (BIS, 2010) Winter Wonderland (KPM Music, 2011) Ecstatic Drumbeat (BIS, 2012) Isles of Wonder (UMC, 2012) Cults Percussion Ensemble (Trunk, 2012) John Corigliano: Conjurer / Vocalise (Naxos, 2013) Altamira (Original Motion Picture Soundtrack) (Virgin EMI, 2016) – lydspor til filmen av same namn LOVE, POLITICS, WAR | Yolanda Brown (Black Grape Records, 2017) THE SHAMAN | ARCTIC SYMPHONY: Orchestral Music by Vincent Ho (Centrediscs, 2017) Mirage? Concertos for Percussion (MCO Records, 2017) The Core-tet Project: Improvisations by Evelyn Glennie, Jon Hemmersam, Szilárd Mezei and Michael Jefry Stevens (Naxos, 2018) Dreamachine – Michael Daugherty (Naxos, 2018) Standard Time – Trio HLK (Ubuntu, 2018) Out of the Silence – Orchestral Music by John McLeod (Delphian, 2018) RSC Troilus and Cressida: Music and Speeches CD (RSC Recordings, 2018) Double Crossings (Audionetwork, 2018) One Day Band 17 with Roly Porter (Trestle Records, 2019) Reflections: one track – The Grace of Silence – (Sound World, 2021)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Evelyn Glennie» frå , den 8. mars 2023.

Kategori:Skotske perkusjonistar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Order of the Companions of Honour