Inger Johanne Jacobsen () var ein norsk songar og skodespelar.
Familie Jacobsen gifta seg i 1950 med buktalaren Jackie Hein Bülow Jantzen (fødd 8. januar 1923 i Odense, død 1. oktober 1959 i Lørenskog), som brukte scenenamnet Jackie Bülow. Dei var begge engasjerte av Jens Book Jensen på fleire av hans oppsetjingar på Chat Noir og turnéar i Noreg og utlandet i 1950-åra.
Artistkarriere
Jacobsen gav ut si fyrste plate allereie i 1941. Det var «Du er alltid i mine tanker»/«To små hjerter» med Kristian Haugers Danseorkester på Telefunken. Dei var henta frå filmen Den forsvundne pølsemaker. Etter krigen vart ho ein svært populær songar. Ho var på plateselskapa Musica (1946–1953) og Columbia (1954–1970), og var lett gjenkjenneleg med den mjuke, djupe altrøysta si. Som skodespelar og artist opptredde ho i revyar, tv, radio og teater heilt fram til 1990-åra, frå 1976 som tilsett ved Riksteatret.
Inger Jacobsen deltok i den norske Melodi Grand Prix-finalen fire gongar, og vann finalen i 1962 med songen «Kom sol, kom regn». Hennar største slagar, singelen «Frøken Johansen og jeg» frå 1959, selde i over eksemplar. Innspelinga var meint som ein parodi på datidas mange skillingsvise-liknande slagarar og måten dei vart sungne på.
Deltakingar i Melodi Grand Prix 1960: «Den dag du kommer» 1960: «Et sommereventyr» 1960: «En drøm er alt» 1960: «En aften igjen» 1960: «Ny smart hatt» 1960: «Voi Voi» 1960: «Lille Lilli-Ann fra Lillesand» 1962: «Våre skal dagene være» 1962: «Kom sol, kom regn» 1964: «Hvor?» 1971: «India»
Diskografi 1958: Djupt in i skogen 1958: Vi seiler mot lykken 1963: Letters From Norway, med Jens Book-Jenssen 1966: Inger Jacobsens beste 1967: Refrenget 1, med Thore Skogmann 1968: Refrenget nr. 2, med Thore Skogmann 1970: Refrenget nr. 3, med Thore Skogmann 1971: Refrenget nr. 4, med Thore Skogmann 1973: Vi er dus med hele landet, med Jens Book-Jenssen 1974: Einar Schankes gledeshus 1977: Julerefrenget, med Thore Skogmann 1979: Jeg har mitt hjerte i Oslo 1993: Ja, vi husker 2006: Diamanter 2007: Refrenget - 41 sangfavoritter, med Thore Skogmann 2007: Presang til mor
Filmografi 1941: Den forsvundne pølsemaker (stemme), radiosongar 1957: Smuglere i smoking (stemme), songar 1966: Kontorsjef Tangen, Fru Tangen 1975: Einar Schankes gledeshus 1975: Skraphandlerne, Tante Liv 1994: I de beste familier, Ruth 1994: Mot i brøstet, Vaskedama Agnes
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Inger Jacobsen» frå , den 13. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
Inger Jacobsen hos Internet Movie Database Inger Jacobsen hos Sceneweb Inger Jacobsen hos Svensk Filmdatabas Inger Jacobsen hos The Movie Database Inger Jacobsen hos Discogs Inger Jacobsen hos Music Brainz Biografi i Norsk pop- og rockleksikon frå 2005 Diskografi (utval) Diskografi 78-rpm (utval)
Kategori:Norske songarar Kategori:Norske visesongarar Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Norske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 1962-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix-vinnarar Kategori:Melodi Grand Prix 1960-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 1962-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 1964-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 1971-deltakarar Kategori:Folk frå Oslo