Aker ASA () er eit norsk industrikonsern som blei skipa i 2004. Det har namnet sitt frå Akers mekaniske verksted, som blei skipa i 1841 og nedlagt i 1982.
Aker ASA blei notert på Oslo Børs den 8. september 2004. Sidan børsnoteringa har Aker ASA-aksjen gitt ei gjennomsnittleg årleg avkasting på 29 prosent, inkludert utbytte. I 2011 var avkastinga 17,9 prosent i verdi, inkludert utbyttet på 10 kroner per aksje. Hovudaksjonæeren i Aker ASA er Kjell Inge Røkke, som gjennom selskapet TRG eig 68,2 prosent av aksjene. Dei andre aksjane har noko over 13 000 aksjonærar.
Selskap Selskap i Aker-gruppa: Aker Drilling, eigardel 35,3 % Aker Floating Production Aker Solutions, eigardel 50,01 % Aker Biomarine, eigardel 50,4 % Aker Seafoods, eigardel 65 % Aker American Shipping, eigardel 53,4 % Aker Material Handling eigardel 100 % Aker Capital, eigardel 100 %
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske industriselskap Kategori:Skipingar i 2004