mini|Jack Fjeldstad, Jan Pande-Rolfsen, Grete Nordrå og Alf Prøysen ved Radioteatret i 1959. mini|I Radioteatret sitt studio på NRK Marienlyst finst ei trapp med tre ulike overflater. Dei ulike overflatene kan nyttast for å laga ulike lydeffektar. Radioteateret var ei eining i NRK si kulturavdeling som produserte høyrespel for barn og vaksne. Ho blei oppretta i 1926 og nedlagd i 2021.
Bakgrunn og virke Radioteateret produserte både klassisk og moderne drama, krim og underhaldning. Fram til 2010 blei det òg produsert høyrespel for Lørdagsbarnetimen. I 2021 blei radiosendingane avslutta, men ein skulle framleis leggja ut produksjonar på podkast.
Avdelinga har hatt ei rekke kjende medarbeidarar, mellom anna Nils Nordberg som regissør og tilretteleggjar av kriminaldrama. Ei lang rekkje norske skodespelarar har opptredd ved teateret.
Til saman hadde Radioteatret opp mot 100 000 lyttarar på dei dramatiske produksjonane sine i 2008, medan endå fleire følgde krimsendingane.
Leiarar
Gunnar Neels-Hansson 1928–1943, 1945–1950 Jens Gunderssen 1950–1952 Hans Heiberg 1952–1973 Gerhard Knoop 1973–1984 Merete Skavlan 1984–1990 Nils Nordberg 1990–1991 Nils Heyerdahl 1991–2011 Yngvil Kiran 2011–2015 Gunhild Nymoen 2015–2021
Sjå òg Blå Fugl-prisen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Radioteatret» frå , den 18. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
Radioteaterets programsider (arkivert nettside) Kriminalhøyrespel og seriar i Radioteatret 1951-2004 (arkivert nettside) Radioteateret.info (arkivert nettside) Kriminalhøyrespel i Radioteatret 1952-2005, NRK.no Høyrespelarkiv for NRK P2-teateret, 1930-2001, NRK.no
Kategori:Nedleggingar i 2021 Kategori:Kultur i 1927 Kategori:Skipingar i 1927 Kategori:NRK Radio