mini|Tandberg-stand på ei utstilling i Sydney.
Tandberg Television ASA var eit leiande selskap innan utvikling og levering av digital-TV og satellittutstyr.
Selskapet har røter i Tandbergs Radiofabrikk. Det blei skipa som eit dotterselskap av Tandberg den 10. oktober 1984. Aktiviteten var i Tandberg-fabrikken på Kjeller, TR3. Selskapet utvikla og produserte kringkastingsutstyr basert på C-MAC-formatet, i samarbeid med Televerket.
I 1994 flytta føretaket til Lysaker. 3. januar 1997 blei selskapet skild ut frå Tandberg som eige børsnotert selskap. Rundt 1999 kjøpte dei ein del av Rupert Murdoch sitt NewsCorp som inkluderte ei utviklingsavdeling i Storbritannia, noko som i fleire år etterpå førte til underskot. Mykje av utviklinga i Tandberg Television vart flytta til Southampton i England, men selskapet hadde framleis noko verksemd i Tandberg-bygga på Lysaker.
13. mars 2007 blei Tandberg Television seld til svenske Ericsson for om lag 10 mrd SEK (NOK 106 per aksje). Dei fortsette å operera som ei sjølvstendig eining i Ericsson-konsernet (i ei gruppe kalla Ericsson Business Unit Multimedia) fram til 25. januar 2010, då dei blei ein integrert del under namnet Ericsson Television Ltd.Farewell Tandberg Television, hello Ericsson TV
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tandberg Television» frå , den 28. november 2018.
Bakgrunnsstoff
Tandberg Television ASA sine offisielle sider Satellittbilde som viser Tandberg-bygningane
Kategori:Norske industriselskap Kategori:Skipingar i 1979