Anna Dahl Munch () var ein norsk forfattar.

Familie Anna Dahl Munch var dotter av legen Ludvig Wilhelm Dahl (1826–1890) og Anna Cathrine Lyders Bonnevie (1835–1893). Faren blei seinare utnemnd til medisinaldirektør. Anna var syster av Ludvig Dahl (1864–1934), Cecilie Dahl, Nils Alstrup Dahl og kusine av biologen Kristine Bonnevie, som blei den fyrste kvinnelege professoren i Noreg.

I 1883 gifta Munch seg med overlærar og major Peter Anker Ragnvald Munch (1853–1920), som var fetter av målaren Edvard Munch. Dette ekteskapet blei seinare oppløyst.

I 1910 gifta Munch seg med forfattaren Sigurd Mathiesen (1871–1958).

Virke Munch var frå 1887 styremedlem i Trondhjems Kvinnesaksforening.Marthe Lund Jensen: «Trondhjems Kvinnesaksforening» (s. 45–62). I «Fra veldedighet til kvinnesak». NTNU, 2015.Gudrun Bergslid: Trondhjems Kvinnesaksforening 1885–1967, Trondheim, 1967

Ho gav ut ei rekkje romanar, noveller og skodespel i åra mellom 1890 og 1916.

Roman om Anna Munch I 2016 gav Selma Lønning Aarø ut romanen Hennes løgnaktige ytre, der ho tek utgangspunkt i livet til Anna Munch og forholdet hennar til Knut Hamsun.

Bibliografi 1890: Over paa den anden Side. En julefortælling 1892: Kvinder. Et Stykke Udviklingshistorie. Kristiania-fortælling – illustratør: Thorolf Holmboe 1893: Dobbeltgængere : dramatisk Situation i een Akt 1893: Psyche. Skuespil i 3 Akter – På bokas kolofonside er det opplyst at stykket er „skrevet i 1886 i anledning »En Hanske«, og seinare omarbeida.“ 1893: Skyggernes Dal. Skuespil i to Akter 1893: Eros. I. Tre Skuespil – Utgjevinga inneheld de tre skodespela Skyggernes Dal, Psyche og Dobbeltgængere 1894: To Hustruer. Fortællinger – Utgjevinga inneheld forteljingane Min blå Blomst. Bekjendelser og På Vrangen og Retten 1895: Roser og Tidsler. (Eros.) En Studie. 1897: Selsomme Ting – På bokas kolofonside står det „Udgaar som Bilag til «Tidsskrift for Teosofi»“ 1897: To mennesker 1898: Sorte Svaner. Skuespil 1903: Verdens Herrer. En Kvindes Iagttagelser. 1904: Glæde 1906: Dag 1909: Vesla. Skuespil i fem billeder 1913: Zodiac. Dyrekredsen 1916: Menneskenes barn. Samfunnsbilleder

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Anna Munch» frå , den 6. mars 2023.

Bakgrunnsstoff

Anna Munch hos Sceneweb

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Medlemmar av Norsk Kvinnesaksforening Kategori:Folk frå Oslo