Anne-Kathrine Parow () var ein norsk lærar, kultursjef og politikar for Ap. Ho var ordførar i Trondheim frå 1982 til 1984.
Liv og virke Bakgrunn Anne-Kathrine Larsen var fødd på Orkanger som dotter av kommunesekretæren Kolbjørn Jacob Larsen og kona hans Esther Togstad. Ho var syster av den seinare ordføraren i Orkdal, Rudolf Larsen, og kusine av fylkesutdanningssjefen og politikaren Johan Solheim. Ho tok lærarprøven ved Sagene lærerskole i 1961 og 2. avdeling spesialpedagogikk ved Trondheim lærerhøgskole i 1976.
Karriere Anne-Kathrine Larsen var lærar i fem år, og konsulent hos skulesjefen i Trondheim kommune i eit år. Ho gifta seg med den seinare tannlegen Peter Parow (bror til Anneliese Dørum).
Parow blei fyrste gong vald inn i Trondheim bystyre under det såkalla kvinnekuppet i 1971.
Parow var varaordførar i Trondheim frå 1980 til 1981. Frå 1. januar 1982 til 31. desember 1984 var ho ordførar, som den fyrste kvinna i vervet. Deretter var ho tilsett som kultursjef i Trondheim kommune frå 1982 til 1992, og som kultursjef i Steinkjer kommune frå 1993 til 1997.
Parow gifta seg på nytt i 1987 med dåverande rådmann Axel Buch, ein høgremann som tidlegare hadde vore varaordføraren hennar. Dei budde på garden Hammer på Inderøy i nokre år til han døydde i 1998.
Anne-Kathrine Parow døydde i 2001 etter kort tids sjukeleie. Ho blei gravlagd på Havstein kyrkjegard.
Parow er den fyrste kvinnelege ordføraren som fekk ein veg kalla opp etter seg, i 2019 på Tiller.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Anne-Kathrine Parow» frå , den 30. mars 2023.
Bakgrunnsstoff Anne-Kathrine Parow hos Feministhuset.
Kategori:Norske politikarar Kategori:Norske lærarar Kategori:Ap-politikarar i Sør-Trøndelag Kategori:Ap-ordførarar i Sør-Trøndelag Kategori:Ordførarar i Trondheim Kategori:Folk frå Orkdal