Melle er ein by og ein sjølvstendig kommune sørvest i forbundslandet Niedersachsen i Tyskland. Den 254 km² vide kommunen grensar mot Nordrhein-Westfalen. Det store fleirtalet av dei 48 000 ibuarane held hus i ein dal mellom Wiehengebirge i nord og Teutoburgerskogen i sør. Byen ligg omtrent midtvegs mellom Osnabrück i vest (27 km) og Herford i aust (30 km), medan Bielefeld ligg 28 km sør om Melle.

Fiskeforprodusenten Tetra Werke har hovudkontor i Melle. Både jordbruk og skogbruk er viktige næringsvegar i kommunen.

Byen reknar 1169 som sitt grunnleggjingsår.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Melle» frå , den 7. april 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Niedersachsen