Eriekanalen er ein aust-vest-gåande kanal i delstaten New York i USA som knyter i hop Hudsonelva og Eriesjøen. Kanalen vart bygt ferdig i 1825 og var den fyrste seglbare vassvegen mellom Atlanthavet og dei store innsjøane i Nord-Amerika. Kanalen reduserte kostnadene med å transportere menneske og varer forbi Appalachane. Kanalen førte til at busettinga i Great Lakes-regionen og utvidinga vestover av USA tok seg kraftig opp i tiår etter. Delstaten New York fekk eit økonomisk oppsving som gjorde delstaten til den mektigaste i heile landet. Kanalen har vorte kalla 'Nasjonens fyrste motorveg'.
mini|venstre|Sluse i kanalen Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Erie Canal» frå , den 1. mai 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kanalar i USA Kategori:Delstaten New York