«Let Me Be the One» (la meg vere den) er ein britisk popsong frå 1975 med The Shadows. Melodi og tekst er skriven av Paul Curtis. Songen var Storbritannia sitt bidrag i Eurovision Song Contest 1975, der han enda på ein andreplass.

Om songen Den britiske kringkastaren BBC valde The Shadows til å representere Storbritannia i Eurovision Song Contest 1975 i Stockholm. I den britiske finalen 15. februar 1975 framførte bandet seks låtar, og «Let Me Be the One» vart kåra til vinnar gjennom ei postkortavrøysting.

I den internasjonale finalen 22. mars 1975, var «Let Me Be the One» det niande bidraget på scena – etter Pepil In Kri frå Jugoslavia, med songen «Dan ljubezni», og før Renato frå Malta, med songen «Singing This Song». I avrøystinga fekk songen 138 poeng og enda på andreplass blant 19 deltakarland.

The Shadows gav ut «Let Me Be the One» på singelen EMI 2269. Singelen var arrangert og produsert av gruppa sjølv.

Listeplasseringar Liste (1975)HøgasteplasseringVekerpå listaDebutdato, Flandern (Ultratop)2155. april 1975 (Irish Singles Chart)1043. april 1975 (VG-lista)215Veke 15, 1975 (UK Singles Chart)1298. mars 1975 (Offizielle Deutsche Charts)4715. mai 1975

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Let Me Be the One» frå , den 7. mai 2023.

Kategori:Britiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 1975-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar