Institut national des sciences appliquées de Toulouse (INSA Toulouse) er eit teknisk universitet i Toulouse i Frankrike, og er ein av dei 204 franske ingeniørskular som er akkrediterte til å utskriva ei ingeniørgrad. Skulen vart grunnlagd i 1963 som ein medlem av INSA-gruppa, og er ein grunnleggjande medlem av Université de Toulouse. Alumninettverket inkluderer over 17 000 alumnar frå INSA Toulouse.
Utdanning
Opptak Opptak kan gjerast basert på fleire måtar; vitnemål, intervju eller fullførte grader i første, andre, tredje eller fjerde år.
INSA Toulouse rekrutterer også toppidrettsutøvarar, musikarar, dansarar, skodespelarar og kandidatar med funksjonshemmingar, som har opptak regulerte av spesielle føresegner.
Pre-oritenteringer Ved INSA Toulouse, etter eit første år med felles undervisning, må studentane velja mellom fire pre-orientingar for dei tre neste semestera:
Ingénierie chimique, biochimique et environnementale (ICBE), «Kjemi, biokjemi og miljøteknikk» Ingénierie de la construction (IC), «Byggjeteknikk» Ingénierie des matériaux, composants et systèmes (IMACS), «Materiale, komponentar og system» Modélisation, informatique, communication (MIC), «Modellering, databehandling og kommunikasjon»
Spesialiseringar Dei fire pre-orienteringene gir tilgang, frå 6. semester, til følgjande spesialiseringar:
+Pre-orienteringSpesialiseringIngénierie chimique, biochimique et environnementale (ICBE)Génie Biologique (GB), «Bioteknologi»Génie des Procédés, Eau, Énergie et Environnement (GP3E), «Prosessteknikk, vatn, energi og miljø»Ingénierie de la construction (IC)Génie Civil (GC), «Byggingeniør»Génie Mécanique (GM), «Maskiningeniør»Ingénierie des matériaux, composants et systèmes (IMACS)Génie Physique (GP), «Fysikk»Automatique, Électronique (AE), «Automatikk og elektronikk»Modélisation, informatique, communication (MIC)Informatique et Réseaux (IR), «IT og nettverk»Mathématiques Appliquées (MA), «Anvendt matematikk»
Studentliv INSA Toulouse har Studentsamskipnaden Amicale des Élèves de l'INSA de Toulouse med 82 klubbar: tekniske, kulturelle, friluftslivs- eller solidaritetsforeiningar. Kvart år, i mai, gjer den årlege festivalen til skulen, 100 Tours de l'INSA, det mogleg for alle klubbar og foreiningar å møtast i to dagar med festar. Sidan september 2000 har Les Enfoiros frå INSA, med både studentar og lærarar frå INSA Toulouse bestemt seg for å engasjera seg i å hjelpa Restos du Cœur-foreningen (fr), ein ideell organisasjon som deler ut mat til trengande. Det blir m.a. halde mange konsertar på campusen til INSA, og arrangert fleire aksjonar i løpet av året for å samla inn pengar, mat og klede.
Bar P'tit Kawa og Boom P'tit Kawa er den studentdrivne baren på campus. Her blir det servert varm drikke til lunsj, og i lokala finst diverse spel. Kvar onsdag vert det også halde temakveldar.
Før alle feriane blir arrangert såkalla Boom-kveldar, også med diverse tema. Desse kveldane er større arrangement med diskjockey og stort dansegolv. Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Institut national des sciences appliquées de Toulouse» frå , den 10. mai 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Toulouse Kategori:Universitet i Frankrike