«Love in an Elevator» er ein song av det amerikanske rockebandet Aerosmith, skriven av Steven Tyler og Joe Perry. Han kom ut i august 1989 som den første singelen frå det tredje albumet deira på Geffen Records, Pump, gjeve ut i september. Singelen nådde femteplassen på Billboard Hot 100 og gjekk til topps på Hot Mainstream Rock Tracks chart. RIAA sertifiserte singelen til gullplate.
Bakgrunn Ifølgje Tyler var songen basert på ei faktisk oppleving der han klinte med ei kvinne i ein heis og dørene opna seg. Tyler sa at «Det kjendest som eit heilt liv å venta på at dørene skulle lukka seg.»
Innspeling «Love in an Elevator», som dei andre spora på Pump, vart spelt inn ein gong i april til juni 1989 i Little Mountain Sound Studios i Vancouver. Songen vart produsert av Bruce Fairbairn og vart lydteknisk utført av Mike Fraser med Ken Lomas som andre lydteknikar, og i tillegg til Aerosmith – Steven Tyler (solovokal), Joe Perry (gitarar, korvokal), Brad Whitford (gitarar, korvokal), Tom Hamilton (bass, korvokal) og Joey Kramer (trommer) - var Bob Dowd (korvokal), Bruce Fairbairn (korvokal) og Catherine Epps (heisoperatør).
Innhald 7" 45 RPM
CD-singel
Musikkvideo Musikkvideoen til «Love in an Elevator» vart regissert av Marty Callner. I byrjinga av videoen går Aerosmith gjennom eit fancy varehus. Ein heisoperatør (spelt av tidlegare Playboy-modell Brandi Brandt) spør Tyler suggestivt om han «går ned». Tyler hoppar inn i heisen før bandet byrjar å spela songen på scena (med fleire klipp til scener i varehuset).
Mottaking
Sangen vart nominert til ein Grammypris i 1990 for beste hardrocksong, men tapte mot Living Colour.
På konsert Songen har konsekvent vore ein fast del av settlista til bandet på nesten alle turnear dei har spelt sidan songen vart gitt ut. Det er ein fanfavoritt og er godt kjent blant mainstream-publikummet.
Tyler endrar ofte teksten på konsertane til noko meir kontroversielt og banneprega; på ein versjon av songen på livealbumet A Little South of Sanity, henta frå turneane til bandet på 1990-talet, kan lyttarane høyra Tyler seia «jackin' in the elevator» og «lick your funky ass» (eller «fucking ass») i staden for «kiss your sassafras».
Salslister
Vekeslister Liste (1989)PlasseringPolish Singles Chart 15
Årsliste Liste (1989)PlasseringNederland (Nederlandsk Topp 40)99U.S. Billboard Hot 10081
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Love in an Elevator» frå , den 15. mai 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Aerosmith-songar Kategori:Plateomslag av Mark Ryden Kategori:Singlar frå 1989 Kategori:Songar frå 1989 Kategori:Geffen Records-singlar Kategori:Glam metal-songar Kategori:Funk metal-songar Kategori:Musikkvideoar regisserte av Marty Callner Kategori:Songar produserte av Bruce Fairbairn Kategori:Songar skrivne av Joe Perry Kategori:Songar skrivne av Steven Tyler