Kråkefotfamilien (Lycopodiaceae) er ein familie av relativt primitive karsporeplantar som tilhøyrer kråkefotplantane (Lycopodiopsida). Nokre botanikarar deler inn kråkefotplantane i to familiar, men i nordisk botanikk blir alle slektene lagt til kråkefotfamilien. Plantane i slekta er fleirårige og har gaffelforma skotgreiner.
Karsporeplantar formeirar seg gjennom generasjonsveksling, og ved sporar i staden for frø. Den ukjønna generasjonen er den dominerande. Når sporen veks blir det danna eit protallium, som er ein liten kjønna mellomgenerasjon som ikkje lever lenge. Frå denne veks det opp ein langt større, kjønnslaus (ukjønna) men langtlevande generasjon av plantar som produserer nye sporar.
Sporane sit øvst i skotet eller i eigne aks. Plantane har enten berre éin sporetype (homospori, som er den opphavlege tilstanden og er bevart i kråkefotfamilien), eller både holege storsporar og hannlege småsporar (heterospori, som hjå brasmegras og dvergjamnar). Dvergjamnefamilien har stor- og småsporer i ulike grupper, brasmegras har storsporar inst ved dei ytre rosettblada og småsporar ved dei indre.
Taksonomi Taksogrupperinga av kråkefotfamilien i nordisk botanikk med nokre vanlege norske artar:Bo Mossberg (red), Steinar Moen: Gyldendals store nordiske flora, 2003 (Oslo 2007).
Karplantar (Tracheophyta) Karsporeplantar (Pteridophyta) Klasse: Kråkefotplantar (Lycopsida) Dvergjamnefamilien (Selaginellaceae) Dvergjamneslekta (Selaginella) Brasmegrasfamilien (Isoetaceae) Brasmegrasslekta (Isoetes) KRÅKEFOTFAMILIEN (LYCOPODIACEAE) Kråkefotslekta (Lycopodium), 200 artar, 4 i Noreg Strikråkefot (L. annotinum) Fjellkråkefot (L. annotinum ssp alpestre) Mykkråkefot (L. clavatum) Rypefot (L. clavatum ssp monostachyon) Jamneslekta (Diphasiastrum) Fjelljamne (Diphasiastrum alpinum) Skogjamne (Diphasiastrum complanatum ssp complanatum) Finnjamne (Diphasiastrum complanatum ssp montellii) Grannjamne (Diphasiastrum tristachyum) Hybridjamne (Diphasiastrum x zeilleri) Myrkråkefotslekta (Lycopodiella) Myrkråkefot (Lycopodiella inundata) Palhinhaeaslekten (Palhinhaea) Pseudolycopodiellaslekten (Pseudolycopodiella) Lusegrasfamilien (Huperziaceae) Lusegrasslekta (Huperzia) Lusegras (Huperzia selago ssp. selago) Polarlusegras (Huperzia selago ssp. arctica) Phylloglossumslekten (Phylloglossum) Klasse: Snelleplantar (Sphenopsida) Underdivisjon: Bregneplantar (Polypodiopsida) Klasse: Psilotopsida? (Psilotopsida) Orden: Psilotales (Psilotales) Orden: Ormetunger (Ophioglossales) Klasse: Marattiopsida (Marattiopsida) Klasse: Bregnar (Pteriopsida) Frøplantar (Spermopsida)
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kråkefotfamilien» frå , den 25. mai 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Karsporeplantar Kategori:Plantefamiliar