Clifford Williams () er ein engelsk musikar, mest kjend som bassist og korvokalist i det australske hardrockbandet AC/DC. Han starta den profesjonelle musikkarrieren sin i 1967 og hadde tidlegare vore med i dei engelske gruppene Home og Bandit. Hans første studioalbum med AC/DC var Powerage i 1978. Williams vart innlemma i den amerikanske Rock and roll Hall of Fame som medlem av AC/DC i 2003. Williams kunngjorde at han trekte seg frå AC/DC i 2016, men kom tilbake på comebackalbumet Power Up i 2020 saman med bandkollegaene Brian Johnson og Phil Rudd. Sideprosjekta hans omfattar mellom anna velgjerdskonsertar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cliff Williams» frå , den 28. mai 2023. oppgav desse kjeldene:  

Kategori:Engelske rockebassistar Kategori:Engelske heavy metal-bassistar Kategori:Bluesrock-musikarar Kategori:Folk frå Hoylake Kategori:Musikarar frå Merseyside Kategori:Folk frå Romford Kategori:AC/DC-medlemmar Kategori:Bandit-medlemmar