Antigone er ei biologisk slekt av store fuglar i tranefamilien. Artane i denne slekta vart tidlegare plasserte i fugleslekta Grus.
Taksonomi Ein molekylær fylogenetisk studie publisert i 2010 fann at slekta Grus var polyfyletisk. I den følgjande omorganiseringa vart fire artar plasserte i den gjenoppretta slekta Antigone. Taksonet vart opphavleg reist i 1853 av den tyske naturforskaren Ludwig Reichenbach. Typearten er sarustranen (Antigone antigone).
Artslista Artane i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023, med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler. IUCN-kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist. Bilete Norsk namn Vitskapleg namn IUCN- kategori Utbreiing Kanadatrane Antigone canadensis LC Nord-Amerika og det ekstreme nordaustlege Sibir Kvitnakketrane Antigone vipio VU Nordaust i Mongolia, nordaust i Kina og tilstøytande område i Søraust-Russland Sarustrane Antigone antigone VU Det indisk subkontinentet, Søraust-Asia og Australia Brolgatrane Antigone rubicunda LC Nord- og Aust-Australia og New Guinea
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Antigone (bird)» frå , den 29. mai 2023
Referansar
Bakgrunnsstoff
kategori:tranefamilien kategori:fugleslekter