Kenneth Halhjem () er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Bergen. Han vart norsk meister på 110 meter hekk i 2001 og 2002, etter tidlegare å ha vunne tre sølvmedaljar i øvinga. Halhjem var medlem i TIL Hovding til 1994, sidan representerte han Gular.
24. juni 2001 sette Halhjem personleg rekord på korthekken med 13,90 sekund, då han vart fjerdemann i øvinga under ein europacup-landskamp i friidrett i finske Vaasa. Pr 2023 er det berre tre norske utøvarar som har fått registrert betre elektronisk tid i øvinga.
Medaljar i noregsmeisterskap 1997 i Overhalla: Sølvmedalje 1998 i Askøy: Sølvmedalje 1999 på Byrkjelo: Sølvmedalje 2001 i Drammen: Gullmedalje 2002 i Sandnes: Gullmedalje
Kjelder friidrett.no
Kategori:Norske hekkeløparar Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Folk frå Bergen