John Skjelvaag () er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Bergen som vart norsk meister på 400 meter hekk fem år i rad: 1965-69. Skjelvaag var medlem i IL Varegg til 1961, sidan representerte han TIF Viking 1962-67 og IK Tjalve 1968-69.

I spesialøvinga 400 meter hekk stod Skjelvaag nasjonalt i skuggen til Jan Gulbrandsen, så lenge denne tevla. Skjelvaag fekk delta EM i friidrett 1966 i Budapest. Med 52,6 sekund fekk han bestetid av dei som ikkje kvalifiserte seg til semifinalane i 400 meter hekk, 16 mann gjekk vidare. Han var elles ein av dei beste sprintarane i Noreg på 200 meter og særleg 400 meter, vann til saman fem NM-medaljar på desse distansane.

Medaljar i noregsmeisterskap 1961 i Bergen: Bronsemedalje på 400 m hekk og på 400 m 1962 i Drammen: Bronsemedalje på 400 m 1963 i Trondheim: Sølvmedalje på 400 m hekk og i 1000 m stafett, bronse på 400 m 1964 i Gjøvik: Sølvmedalje på 400 m hekk og på 400 m, bronse på 200 m 1965 i Haugesund: Gullmedalje på 400 m hekk 1966 i Bærum: Gullmedalje på 400 m hekk, bronse på 200 m 1967 i Trondheim: Gullmedalje på 400 m hekk 1968 på Kongsvinger: Gullmedalje på 400 m hekk, sølv i 1000 meter stafett 1969 i Fana: Gullmedalje på 400 m hekk

Personlege rekordar 200 m: 22,0 (1965) 400 m: 48,4 (1964) 400 m hekk: 51,8 (1965)

Kjelder friidrett.no varegg.no

Kategori:Norske sprintarar Kategori:Norske hekkeløparar Kategori:Noregsmeistrar i friidrett