Wapusk Nasjonal Park er ein nasjonalpark i Canada oppretta i 1996 som den 37. i landet. Han ligg 45 kilometer sør for byen Churchill i den nordaustlege delen av provinsen Manitoba, ved breidda av Hudsonbukta. Parken blei oppretta i 1996 og omfattar eit areal på 11475 kvadratkilometer. Han er særleg kjend for den rike førekomsten av isbjørnar, og wapusk tyder ‘kvit bjørn’ på cree. I parken finn ein eit av dei villaste og mest avsidesliggjande landskapa i Canada.

Det finst ei mengd fugleartar i Wapusk nasjonalpark, og han skal vera yngleområde for kortnebbekkasinsnipe. Nasjonalparken er eit viktig oppfostringsområde for isbjørn (Ursus maritimus).

I ein rapport frå 2010 dokumenterte biologar frå American Museum of Natural History og City University of New York at grizzlybjørnar hadde vandra inn i territoriet til isbjørnane. Forskarane hadde gjort sju observasjonar av grizzlybjørnar i Wapusk nasjonalpark sør for Churchill, mellom 2003 og 2008.

Historie Wapusk nasjonalpark ligg i ein del av låglandet som omgjev Hudsonbukta. Dette er eit geologisk ungt landskap som er skapt gjennom landhevinga som har føregått og framleis føregår i området siden den seinaste innlandsisen smelta bort for cirka 9000 år sidan. Ein kan sjå spor etter eldre kystlinjer opptil 100 kilometer inne i landet. Dei tidlegaste bevisa for menneskeleg busetnad i området går tilbake til for rundt 3000 år sidan. Arkeologiske undersøkingar tyder på at fleirtalet av dei fyrste busetnadane låg i den nordlege enden av parken og var knytte til kystlinja. Busetnadane var sporadiske og sesonprega.

Dei fyrste europearane kom til Wapusk i 1610, etter at den oppdagingsreisande Henry Hudson gjekk i land i Hudsonbukta. Det budde då cree- og denefolk og inuitar i området. Kontaktane mellom den innfødde befolkninga og europearane var i fyrste omgang berre sporadiske, men kom seinare til å bli stadig meir varige. Historisk blei området forma etter at europearar kom dit av pelshandelen, særleg etter York Fort (seinare kalla York Factory) blei bygt i 1684. I 1717 etablerte òg Hudson's Bay Company ein handelsstasjon ved Churchill-elva.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wapusk National Park» frå , den 11. juni 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Skipingar i 1996 Kategori:Manitoba Kategori:Nasjonalparkar i Canada