Tiggaroperaen (engelsk The Beggar's Opera) er ein satirisk balladeopera skriven i 1728 av John Gay.The Contemplator's Short History of John Gay and the Beggar's Opera Musikken av Johann Christoph PepuschThe Beggar's Opera, AllMusic byggjer for det meste på populære, folkelege melodiar frå samtida, som balladar, opera-ariar, salmar og folkemusikk. Stykket var eit vasskilje i det britiske dramaet på 1700-talet og er det einaste dømet av den ein gong så blomstrande sjangeren balladeopera som framleis blir i dag sette opp. Balladeopera var satiriske musikkspel, eller farsar med innslag av musikk og dans, som nytta konvensjonane til operaen, men utan resitativet frå denne.Musical Background – Artikkel om ballad opera-sjangeren og spesielt om The Beggar's Opera.Breitholtz, Lennart (1979): Epoker og diktere, Vestens litteraturhistorie 2, Oslo, s. 14

Målet for satiren var mellom anna den leiande politikaren Robert Walpole, og den notorisk kriminelle Jonathan Wild. Operaen handlar òg om sosial urettvise i stor skala, i hovudsak ved å samanlikna «lågklasseborgere» som tjuvar og horer med dei aristokratiske motpartane deira.

Nøyaktig 200 år seinare, i 1928, skreiv Bertolt Brecht (ord) og Kurt Weill (musikk) ein musikal basert på Tiggeroperaen kalla Tolvskillingsoperaen.The Threepenny Opera, Benchtheatre

Stykket er gjendikta til norsk av André Bjerke.Gay, John; Bjerke, André ( 1977): Tiggeroperaen: en operaballade. Oslo: Aschehoug. ISBN 9788203088568.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tiggeroperaen» frå , den 16. juni 2023.

Bakgrunnsstoff

The Beggar's Opera, Renascence Editions The Beggar's Opera, Eighteenth-Century England Website, University of Michigan The Contemplator's Short History of John Gay and the Beggar's Opera

Kategori:Musikk i 1728 Kategori:Operaer