Blindurt (Silane wahlbergella) er ein fleirårig plante i smelleslekta i nellikfamilien. Blindurt skil seg frå andre smeller ved å vera kleistogam, dvs. tilpassa for sjølvpollinering. Blomen framstår som regel berre med det oppblåste begeret som er karakteristisk for mange artane i denne slekta. Blindurt er ikkje fullstendig kleistogam: det finst blomar med eksponerte kronblad, og dette gir planten moglegheit for krysspollinering. Blada er smale.
Planten veks i fjellstrøk i Sør-Noreg, gjerne på baserik grunn. Nordover frå Bodø og Fauske er arten vanlegare.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Blindurt» frå , den 17. juni 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Nellikfamilien Kategori:Plantar i Noreg