Kronealvar er ei biologisk slekt Heliothryx av kolibriar med to medlemmer som samla har eit leveområde i våt låglandskog i Mellom-Amerika og nordlege Sør-Amerika. Begge artar lever både i Ecuador og Colombia, separet av Andesfjella. Slekta er ein del av underfamilien Polytminae, «mangoar».
Namnet Heliothryx er frå gresk: hēlios «sol» samansett med trikhos «hår».
Skildring Kronealvar er to kolibriartar med rein kvitfarga underside, svart ansiktmaske og elles grønglitrande overside. Snøkvite halefjører blinkar når dei vert spreidde ut. Begge artar er rundt 9-10 centimeter i kroppslengd. Kronealvar har lenge vore kjente for åtferda med å stikke hol gjennom blomar utan å medverke til pollinering, kalla nektartjuveri.
Dette er fuglar som lever i lågland, grønkronealv er mest vanleg under 400 moh.
Galleri
Artslista Kronealvar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023, med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler. IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist. Purpurkronealv, Heliothryx barroti, Purple-crowned fairy, (Bourcier, 1843), (LC) Lever frå Guatemala langs karibiakysten til Costa Rica og Panama, over til stillehavskysten og langs vestsida av Andes i Colombia og Ecuador.
Grønkronealv, Heliothryx auritus, Black-eared fairy, (Gmelin, JF, 1788), (LC) Lever i Amazonas gjennom ni land. I tillegg finst ein isolert populasjon søraustre Brasil.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
kategori:kolibrifamilien kategori:fugleslekter