AC/DC Live er det andre konsertalbumet til det australske hardrockbandet AC/DC, gjeve ut 26. oktober 1992. Det kom ut to versjonar av albumet, ei enkelplate og ei dobbelplate, kjend som AC/DC Live: 2 CD Collector's Edition. Ein konsertfilm, AC/DC: Live at Donington, kom ut samstundes.AC/DC: Live at Donington on IMDB Dobbeltalbumet AC/DC Live: 2 CD Collector's Edition kom ut ein månad etter den enkle versjonen, i ei «bok» med to plater (i same form som gamle CD-longboxer) og med ein AC/DC-setel kjent som «Angus Bucks». Begge utgåvene av albumet vart gitt ut på nytt i 2003 som ein del av AC/DC Remasters-serien.
Mottaking
Barry Weber frå AllMusic skriv: «Altfor ofte er eit livealbum ei billig, forhasta innspeling som berre tener som eit vitnesbyrd om forfallet til bandet. AC/DC Live viser likevel kva som skil dette bandet frå sine jamaldra - her er dei framleis fullt i stand til å gjennomføra eit flott liveshow. Dette er blant dei beste live metal-albuma frå 90-talet.» Classic Rock skreiv at «Live er ei triumferande tilbakevising av alle som framleis hevdar at 'DC døydde med Bon'. Jonno [Brian Johnson] har fin stemme og godt humør heile vegen, og live-settinga gir Angus plass til å strekkja seg litt.»
Innhald Enkel-CD
Dobbel «Collector's Edition»-CD
Den japanske versjonen inneheld bonussporet «Hell Ain't a Bad Place to Be» (Donington Park, Leicestershire, England; 17. august 1991) som var b-sida på singelen «Highway To Hell» (live). Denne låten vart seinare inkludert på luksusutgåva av Backtrack i 2009.
Sjølv om «Sin City» ser ut til å vera framført på Point Theatre i Dublin 26. april 1991, som Brian Johnson seier i introen på albumet: «We've got a song for you, Dublin», sa han på den verkelege Dublin-konserten faktisk: «OK Dublin, we've got a song especially for you» (det finst eit bootleg-opptak av konserten). Introen på albumet er henta frå framferda i King's Hall i Belfast 27. april 1991 - at Johnson nemner Dublin er ein rein feil. Sjølve framferda vart spelt inn på NEC i Birmingham 23. april 1991.
Lyden av publikum og gitarfeedback heilt i starten av «Shoot to Thrill» er henta frå Donington-framferda der det førre sporet, «Thunderstruck», vart spelt inn. Sjølve framferda vart spelt inn på NEC i Birmingham 23. april 1991
«Moneytalks» og «Are You Ready» var ikkje med på den doble vinylutgåva.
Medverkande Brian Johnson – solovokal Angus Young – sologitar, korvokal på «T.N.T» og «Dirty Deeds Done Dirt Cheap» Malcolm Young – rytmegitar, korvokal Cliff Williams – bassgitar, korvokal Chris Slade – trommer, perkusjon
Salslister Vekeslister Originalversjon + Vekesliste for AC/DC Live (original) Liste (1992–2019) Plassering Finnish Albums (Suomen virallinen lista) 2
Collector's Edition + Vekesliste for AC/DC Live: Collector's Edition Liste (1992)Plassering
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «AC/DC Live» frå , den 29. juni 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Konsertalbum frå 1992 Kategori:Album produserte av Bruce Fairbairn Kategori:AC/DC-album Kategori:Nummer-ein-album i Australia