William Wallace () var ein skotsk komponist, lærar, forfattar og kunstmålar. Han høyrer til dei viktige romantiske komponistane frå Skotland.
Wallace var ein romantisk/klassisk komponist som var fødd i Greenock i Skottland. Han studerte fyrst oftalmologi på universiteta i Glasgow, Wien og i Paris, men studerte deretter komposisjon ved Det kongelege musikkonservatoriet i London, der han seinare òg blei lærar i komposisjon. Wallace skreiv ein symfoni, 6 symfoniske dikt, orkesterverk, suitar, ouverturar og anna. Han var sterkt påverka av Franz Liszt, og var ein tidleg komponist av symfoniske dikt i Storbritannia.
Han var òg forfattar av litterære verk og kunstmålar. Han skreiv fleire musikkbøker.
Under fyrste verdskrigen gjorde Wallace teneste i dei oftalmiske einingane i Eastern Command, med rang som kaptein.Music Web International
Wallace var gift med bilethoggaren Ottilie Maclaren Wallace. Dei møtte kvarandre på 1890-talet og blei hemmeleg trulova i 1896, men kunne fyrst gifta seg 11. april 1905.Purser, John. "The tragic silence of composer William Wallace" in The National, 4 November 2016
Verk i utval
Orkesterverk
1891 – An American Rhapsody 1891 – A Scots Fantasy 1891–92 – Suite in A, The Lady of the Sea (urframført ved Stock Exchange Orchestral Society, London, 18. februar 1892) 1892 – The Passing of Beatrice, symfonisk dikt [No.1] (urframført ved Crystal Palace, London, 26. november 1892) 1893 – Prelude to The Eumenides (urframført ved Crystal Palace, London, 21. oktober 1893) 1894 – In Praise of Scottish Poesie, konsertouverture (urframført ved Crystal Palace, London, 17. november 1894) 1896 – Amboss oder Hammer, symfonisk dikt [No.2] (urframført ved Crystal Palace, London, 17. oktober 1896) (lost) 1898 – Asperges, symfonisk dikt (ufullendt) 1898 – The Covenanters, symfonisk dikt (ufullendt) 1898 – The Forty-Five, symfonisk dikt (ufullendt) 1896–99 – The Creation, symfoni (urframført ved The Tower, New Brighton, 30. juli 1899) 1899 – Sister Helen, symfonisk dikt [No.3] (urframført ved Crystal Palace, London, 25. februar1899) 1900–01 – Greeting to the New Century, symfonisk dikt [No.4] (urframført ved Queen's Hall i London, 27. mars 1901) 1905 – William Wallace AD 1305–1905, symfonisk dikt [No.5] (urframført ved Queen's Hall i London, 19. september 1905) 1909 – Villon, symfonisk dikt [No.6] (urframført ved Queen's Hall, London, 10. mars 1909) Annie Laurie
Kor- og vokalverk
1886–88 – A Festival Mass, for kor og orkester 1890 – Lord of Darkness, scena for baryton og orkester (urframført ved Royal Academy of Music, London, 1890) 1896 – The Rhapsody of Mary Magdalen, for sopran og orkester (urframført ved Queen's Hall, London, 15. desember 1896) 1899 – Freebooter Songs, for baryton og orkester (fp. The Tower, New Brighton, 30. juli 1899) 1900 – Jacobite Songs, for røyst og orkester 1908 – The Outlaw, ballade for baryton, (valfritt) mannskor og orkester 1910 – The Massacre of the Macpherson, burlesk ballade for mannskor og orkester (urframført ved Leeds Musical Union, 1910) Keholeth, symfoni for kor og orkester (ufullendt)
Opera
1896 – Brassolis, lyrisk tragedie i ei akt
Teatermusikk
1896 – Romeo and Juliet 1897 – Pelléas et Mélisande (suite urframført ved The Tower, New Brighton, 19. august 1900)
Bøker The Threshold of Music: An Inquiry into the Development of the Musical Sense (1908) The Musical Faculty (1914) Richard Wagner as he lived (1925) Liszt, Wagner and the Princess (1927)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «William Wallace (komponist)» frå , den 1. juli 2023. Denne artikkelen bygger på «William Wallace (Scottish composer)» frå , den 1. juli 2023.
Kategori:Skotske forfattarar Kategori:Skotske målarar Kategori:Skotske komponistar Kategori:Komponistar frå 1900-talet