«Shot in the Dark» er ein song av det australske rockebandet AC/DC frå det syttande studioalbumet deira Power Up frå 2020. Låten vart spelt inn seint i 2018 til tidleg i 2019. Han vart gitt ut 7. oktober 2020,{ og er den første singelen til bandet sidan «Rock the Blues Away» frå albumet Rock or Bust frå 2015. Låten vart brukt som det offisielle temaet for WWE Survivor Series og er ein del av soundtracket til MLB The Show 21.{

Songen vart nominert til to Grammy-prisar for beste rockeframføring og beste musikkvideo.

Ved APRA Music Awards i 2022 vart låten nominert til prisen for mest framførte rockeverk.{

Musikkvideo Musikkvideoen, som er regissert av David Mallet, hadde premiere på YouTube-kanalen til AC/DC 26. oktober 2020.{

Utgiving Den 1. oktober 2020 la bandet ut eit 30 sekund langt klipp av songen i ein video på Twitter, der dei ser ut til å slå på forsterkaren med den ikoniske lynlogoen sin medan dei spelar låten, og skriv PWR/UP, ei forkorting for Power Up.{ AC/DC tok ein pause etter å ha fullført turneen Rock or Bust i 2016, der Guns N' Roses-vokalisten Axl Rose var med. I 2018 kom medlemmene Brian Johnson, Phil Rudd og Cliff Williams tilbake til bandet etter to års pause. Den 5. oktober 2020 delte bandet eit nytt kort klipp med opptak bak kulissane med korte opptredenar av alle fem bandmedlemmene.

Medverkande AC/DC Brian Johnson – solovokal Angus Young – sologitar Stevie Young – rytmegitar, korvokal Cliff Williams – bass, korvokal Phil Rudd – trommer

Andre medverkande Brendan O'Brien – produksjon Mike Fraser – lydteknikar, miksing Ryan Smith – mastering Billy Bowers – ekstra lydteknikar

Salslister

Vekeslister + Vekesliste for «Shot in the Dark» Liste (2020) PlasseringAustralia Digital Song Sales (Billboard) 3 El Salvador (Monitor Latino) 12 New Zealand Hot Singles (RMNZ) 5 UK Singles Sales (OCC) 30 UK Singles Downloads (OCC) 25

Årslister +Årsliste for «Shot in the Dark» Liste (2021) Plassering US Rock Airplay (Billboard) 24

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Shot in the Dark av AC/DC» frå , den 1. juli 2023. oppgav desse kjeldene:  

Kategori:Singlar frå 2020 Kategori:Songar frå 2019 Kategori:AC/DC-songar Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Songar produserte av Brendan O'Brien Kategori:Songar skrivne av Angus Young Kategori:Songar skrivne av Malcolm Young Kategori:Sony Music Australia-singlar Kategori:Musikkvideoar regisserte av David Mallet