Douglas «Doug» Killmer () var ein USA-amerikansk blues- og rockebassist, som var aktiv frå 1960-åra til seint i 1990-åra. Nokre gonger blir han kreditert som Douglas Kilmer eller Doug Kilmer. Han blir hugsa best for å ha spelt basslinja på Norman Greenbaum-hitten «Spirit in the Sky» frå 1970 (nummer 333 på Rolling Stone si liste over dei 500 beste låtane gjennom tidene). I tillegg til dette spelte han på Otis Rush-sin Grammypris-vinnande «Right Place, Wrong Time» frå 1976 og Rita Abrams sin Grammy-nominerte låt «Mill Valley». Han var aktiv på musikkscena i San Francisco Bay Area i over tre tiår.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Douglas Killmer» frå , den 6. juli 2023.
Kategori:USA-amerikanske rockemusikarar Kategori:USA-amerikanske bluesgitaristar Kategori:USA-amerikanske bassistar Kategori:USA-amerikanske studiomusikarar Kategori:Døde av leverkreft Kategori:Folk frå Willits i California