Under er ein restaurant på Båly i Lindesnes kommune. Han er blitt kjend på grunn av bygninga, som delvis er under sjøoverflata. Dette gjer den til den fyrste undersjøiske restauranten i Europa. Bygninga er teikna av Snøhetta. Kjøkenet blir styrt av danske Nicolai Ellitsgaard. Restauranten opna 20. mars 2019 og hadde per mars 2019 fått inn over 7500 bordbestillingar.
Under blei tildelt utmerkinga Betongtavlen for 2019. I 2020 fekk restauranten ei stjerne i Michelinguiden,To stjerner til Stavanger-restaurant. nrk.no. Besøkt 17. februar 2020 og dei fekk ei på nytt i 2021.
Det er to andre undersjøiske restaurantar i verda, i Dubai og på Maldivane.
Prisar Under fekk mykje merksemd i tida før og etter opninga. I 2019 fekk restauranten Betongtavlen, ein pris for miljømessig, estetisk og teknisk framifrå bruk av betong. Bygget vann også "Wallpaper Design Award for Best New Restaurant". I januar 2020 fekk bygget DOGA heidersmerket for 2020.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Under (restaurant)» frå , den 10. juli 2023.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettside
Kategori:Norske restaurantar med Michelin-stjerne Kategori:Byggverk ferdigstilt i 2019 Kategori:Byggverk i Lindesnes Kategori:Restaurantar i Noreg Kategori:Betongtavlen