Dörte Hansen (), også kjend som Dörte Hansen-Jaax, er ein tysk lingvist, journalist og skribent.

Liv Hansen var fødd i Husum i dåverande Vest-Tyskland og voks opp i Högel i Nordfriesland. Familien hennar snakka nedertysk heime, og ho lærte sitt «fyrste framandspråk», standardtysk, i grunnskulen.

Etter å ha fullført vidareagåande skule (Abitur) i 1984, studerte ho sosiolingvistikk, engelsk, romanistikk og frysisk ved Christian Albrechts University Kiel. I 1994 tok Hansen doktorgraden ved Universitetet i Hamburg med ei sosiolingvistisk avhandling om ei særskild form for tospråklegheit.

Hansen er gift med dokumentarfilmskaparen Sven Jaax, og har ei dotter. Frå 2005 til 2016 budde ho med familien i Steinkirchen i Niedersachsen, og deretter i Husum.Vita in Chrismon, mars 2017, p. 14 a.

Virke Etter å ha vore praktikant i magasinet Merian arbeidde ho fram til 2008 som journalist for fleire radiostasjonar (NDR, WDR, SWR, hr, DLF) og ulike magasin fram til 2012, og blei så permanent kulturredaktør for NDR Info. Seinare har ho arbeidd som freelanceforfattar.

I den fyrste romanen sin, Altes Land (2015), tok Hansen kritisk for seg temaet heimland: mange bybuarar oppdaga landet som ein stad å lengta etter og flytta til ein landsby. Hansen meiner at dei er utsette for ein feil fordi dei berre speler bygdelivet og gjer det til «bondeteater». Hansen knyter dette temaet til skjebnen til den kvinnelege protagonisten som heimlaus etterkrigsflyktning frå Aust-Preussen i Altes Land. Boka var ein bestseljar, og fekk ros frå dei fleste kritikarane.

Den andre romanen hennar Mittagsstunde (2018) tek for seg det tyske landsbylivet. Dei kulturelle og mellommenneskelege endringane i den fiktive byen Brinkebüll i Nordfries blir skildra frå 1960-talet til samtida. Forfattaren fortel historia utan å idealisera landlivet og teiknar i lakonisk språk ofte bisarre karakterar med mykje empati.

Medlemskap

PEN-Zentrum Deutschland

Prisar og utmerkingar

2006: Kinderrechte-Medienpreises i radiokategorien for NDR-reportasjen sin Der Hamburger Kompass – Hilfe für Kinder alkoholkranker Eltern. 2015: Lieblingsbuch der Unabhängigen for Altes Land. 2016: Usedomer Literaturpreis for Altes Land 2019: Rheingau Literatur Preis for Mittagsstunde 2019: Niederdeutscher Literaturpreis der Stadt Kappeln 2019: Grimmelshausen Literaturpreis for Mittagsstunde 2022: Mainzer Stadtschreiber 2022: Kunstpreis des Landes Schleswig-Holstein

Publikasjonar

Fürchte dich nicht vor dem Familienberater. Reportage. In: Chrismon, December 2009. (Der Spiegel Bestseller list number 1) (Der Spiegel Bestseller list number 1)

(Der Spiegel Bestseller list number 2)

Omsetjingar

Lydbøker

Filmatiseringar

2020: Altes Land, regi Sherry Hormann 2022: Mittagsstunde, regi Lars Jessen

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dörte Hansen» frå , den 17. juli 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folk frå Kreis Nordfriesland